Endring av takst- og rabattsystem frå 01.03.18

Veronica Solås Nyheiter

Gjennom handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 / Innst. 13 S (2015-2016) har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre eit nytt standardisert takst- og rabattsystem for bompengeprosjekt. Målet med omlegginga til nytt system er å effektivisere og å gjera bompengeinnkrevjinga enklare.

Generelle endringar ved takst- og rabattendringa:
  • Omlegginga vil føre til ein meir lik struktur i stadig fleire bompengeanlegg.
  • Innføringa av eit standardisert rabattsystem fører til at tilleggsavtalar for å få lokal rabatt vert avvikla.
  • Den generelle brikkerabatten aukast fra 0-10 til 20%. Alle køyretøy i takstgruppe 1 som passerar med gyldig brikke får 20% rabatt.  Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.
    • Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
    • Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

 


Hvilke prosjekter på vestlandet endres?
Askøypakken
  • Køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale får automatisk 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.
  • Forskotsavtalar vert ikkje lengre tilbydd. Noverande tilleggsavtalar hos Askøy bompengeselskap for å oppnå lokal rabatt på 20% rabatt vert avvikla.
    Sluttavrekning og eventuelt inneståande beløp på avtalar vert tilbakeført seinast tre månadar etter endring.
    AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra. Passeringar med brikke i Askøypakken vil frå 1. mars verte trekt frå hovudavtala.
  • Timesregel og passeringstak på 30 passeringar pr. månad for alle køyretøy med gyldig brikke og avtale vidareførast.
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Fullpris Fullpris
Askøypakken Kr. 28,00 Kr. 46,00

 

Stordalstunnelen (Åkrafjorden)
  • Køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale får automatisk 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.
  • Alle kundar som har hovudavtale og brikke frå Stordalstunnelen/Hordaland Fylkeskommune vert automatisk gjort om til etterskotsavtaler med 20% rabatt. Lokale forskotsavtaler med 30%-50% rabatt vert ikkje lengre tilbydd.
  • Noverande tilleggsavtalar hos Stordalstunnelen/Hordaland Fylkeskommune for å oppnå lokal rabatt på 30%-50% rabatt vert avvikla.
    AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra, og passeringar frå 1. mars verte trekt frå hovudavtala.
    Sluttavrekning og eventuelt inneståande beløp på tilleggsavtalar vert tilbakeført seinast tre månadar etter endring.
  • Nye takstar som gjeld frå 01.03.2018:
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Fullpris Fullpris
E134 Stordalstunnelen 41,00 56,00

Tilskot til reduserte bompengar

Prosjektet E134 Stordalstunnelen har fått tilskotsbeløp frå ordninga med tilskotsbeløp til reduserte bompengetakster utanfor dei største byområda. Tilskotet er inkludert i dei takstane som no vert kunngjort.

Fastlandssambandet Halsnøy
  • Køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale får automatisk 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.
  • Alle kundar som har hovudavtale og brikke frå Fastlandssambandet Halsnøy vert automatisk gjort om til etterskotsavtaler med 20% rabatt. Lokale forskotsavtaler med 40% rabatt vert ikkje lengre tilbydd.
  • Noverande tilleggsavtalar hos Fastlandssambandet Halsnøy for å oppnå lokal rabatt på 40% rabatt vert avvikla.
    AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra, og passeringer i frå 1. mars verte trekt frå hovudavtala.
    Sluttavrekning og eventuelt inneståande beløp på tilleggsavtalar vert tilbakeført seinast tre månadar etter endring.
  • Nye takstar som gjeld frå 01.03.2018:
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Fullpris Fullpris
Fastlandssambandet Halsnøy 96,00 264,00

 

Kunngjeringar: