Prisjustering av bompengtakstane i Askøypakken frå 01.05.19

Veronica Solås Nyheiter

I tråd med føringane frå Prop. 197 S (2012-2013) skal bompengetakstane justerast i tråd med Konsumprisindeksen (KPI).

Frå 1. mai 2019 vert takstane som følgjer (2019 kr.):

Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Ordinær bompengetakst Kr. 29,00 Kr. 48,00
Med avtale og brikke 20% rabatt Kr. 23,20 Kr. 48,00
Nullutsleppskøyretøy Kr. 11,60 0,00

Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Endringa medfører at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 med avtale og elektronisk brikke betalar kr 11,60 per passering, ettersom 50 prosent av ordinær bompengetakst etter rabatt er kr 23,20.

Nullutsleppskøyretøy utan avtale og brikke betalar ordinær bompengetakst.

Timesregel og passeringstak på 30 passeringar pr. månad for alle køyretøy med elektronisk brikke og gyldig avtale vert vidareført.

Kunngjering Askøypakken (pdf)