Kunngjering: Oppstart av bompengeinnkrevjing på rv. 13 Ryfast utsett.

Veronica Solås Nyheiter

Oppstart innkrevingen er utsett

Oppstart innkreving av bompengar skulle opprinneleg starte 30. mars kl 00:00.
Innkrevingen er nå utsatt på grunn av omstendigheter rundt koronaviruset og arbeid med vegkantutstyret.

Det vil komme ut informasjon på web, facebook og ei pressemelding når Ryfast åpner opp for betaling.


 

Kunngjering publisert 04.03.20

Den 30. mars 2020 kl. 00:00 startar innkrevinga av bompengar for Ryfast.
Det skal krevast inn bompengar i bomstasjonane Rv. 13 Hundvågtunnelen og Rv. 13 Ryfylketunnelen i begge retningar.

Takster for ordinære køyretøy i Ryfast inkl. tilskot:

Bomstasjon Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Rv. 13 Hundvågtunnelen Nord Kr 28 Kr 76
Rv. 13 Hundvågtunnelen v/Buøy Kr 28 Kr 76
Rv. 13 Ryfylketunnelen Kr 140 Kr 420
  • Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
  • Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå og med 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Med atterhald om at takstane blir godkjent i Stortinget.

Passering med AutoPASS:
Køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig avtale og brikke får 20 % rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.
Ryfast har ikkje eigne avtalar, og passeringar vil bli belasta avtala der kor du har fått brikka di i frå.

Månedstak for Ryfylketunnelen

Ved gyldig AutoPASS-avtale og brikke betalar du maksimalt for 40 passeringar per kalendermåned per køyretøy. Ordninga gjeld køyretøy i begge takstgruppene.
Det er ingen timesregel i Ryfylketunnelen.

Månedstak for Hundvågtunnelen

Ved gyldig AutoPASS-avtale og brikke betalar du for maksimalt 75 passeringar per kalendermåned per køyretøy, uansett om du passerer Hundvågtunnelens bomstasjonar eller Bymiljøpakkens bomstasjonar. Ordninga gjeld køyretøy i takstgruppe 1.

Timesregel for Hundvågtunnelen

Ved gyldig AutoPASS-avtale og brikke betaler du bare for ei passering i løpet av ein time, uansett om du passerer Hundvågtunnelens bomstasjonar eller Bymiljøpakkens bomstasjonar.  Det er den fyrste registrerte passeringa som vil gjelde, uavhengig av takst. Ordninga gjeld køyretøy i begge takstgruppene.

Nullutsleppskøyretøy:
Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 med gyldig avtale og brikke får 50 % rabatt av ordinær bompengetakst etter brikkerabatt. Og nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 med gyldig avtale og brikke får 100 % rabatt av ordinær bompengetakst.
Dette er i tråd med Prop. 87 S (2017-2018) og lokalpolitiske vedtak.

Fritak:
Det gis fritak ifølge ei kvar tids gjeldande takstretningslinjer. Per i dag gjeld følgande:

  • Passasjerar i alle typer køyretøy
  • Gåande og syklande
  • Motorsyklar og mopedar
  • Kollektivtransport i konsesjonert rute*
  • Uniformerte utrykningskøyretøy, samt sivile utrykningskøyretøy i tjenesteoppdrag*

* Følgende køyretøy kan etter søknad få fritak for bompenger. Fritaksordninger krev gyldig avtale og bruk av brikke.
Det gis ikkje fritak for bompengar for rørslehemma i dette prosjektet.

 

Takstvedtaket kan påklagagast til Samferdselsdepartementet innan 3 veker frå kunngjering. Klage kan sendast Samferdselsdepartementet.

Kunngjering Ferde – Ryfast