Kunngjering av endring i takstar for bompengeprosjektet Førdepakken frå 04.01.21

Veronica Solås Nyheter

Grunna lågare bompengeinntekter enn føresett i finansieringsplanen jf. Prop. 137 S (2014-2015) vert takstane for Førdepakken auka frå 4. januar 2021, med grunnlag i takstvedtaket i Vegdirektoratet frå 11.november 2020.

Kommunestyret i Sunnfjord og fylkestinget i Vestland har i vedtak frå høvesvis 13. februar 2020 og 9. juni 2020 slutta seg til desse takstane:

 

Nye takstar frå 04.01.21:

Førdepakken Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Full pris Kr 30,00 Kr 54,00
Ordinære køyretøy med AutoPASS-avtale Kr 24,00 Kr 54,00
Nullutsleppskøyretøy med AutoPASS-avtale Kr 12,00 Kr 0,00

Tabell 1: Bompengetakstar for Førdepakken

Takstgrupper:

Takstgruppe 1: Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tillaten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

 

Elles gjeld vilkår for bompengar gitt etter gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt, medrekna alle rabatt- og fritaksordninger.

 

Takstendringa kan påklagast til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering. Klage sendast Vegdirektoratet.