AutoPASS Mi Side

Ferde samlar alle sine kundar i eit kunderegister, og det er ikkje lengre nødvendig/mogeleg å teikne avtalar for eit enkelt bompengeprosjekt. Når du teiknar avtale med «Ferde AS – Bomringen i Bergen» kan du passere alle bomanlegg i Noreg, også enkelte ferjesamband.

AutoPASS min side tegn avtale

AutoPASS Mi side kan du både teikne ny avtale og logge inn for å sjå dine eksisterande avtalar.
AutoPASS Mi side er det felles systemet som alle bompengeselskap er knytta til. Denne løysinga nytter innlogging med elektronisk ID, eventuelt alternativ pålogging for dei utan elektronisk ID.

 

Fordelar med AutoPASS-avtale

  • 20 % rabatt på alle bompasseringar (gjeld takstgruppe 1)
  • Alle bompasseringar samla på ein faktura
  • Bobil og andre køyretøy i klasse M1 betalar som lett køyretøy
  • 10 % rabatt på fleire ferjer i Norge. Du kan også førehandsbetale og få opptil 50 % rabatt. Les meir på https://www.autopassferje.no/
  • AutoPASS-brikken kan brukast på bruer og ferjer i Sverige og Danmark
  • Fordelar med timesregel og månedstak i de områdene som har det
  • Tilgang til Mi side med full oversikt over avtalen din, alle passeringane dine og fakturaene.

Du betalar berre eit depositum på 200,- kr for bombrikka. Det får du tilbake dersom du seier opp avtala di. Det er ingen års- eller månedsavgift. Du betalar berre for bompasseringane dine.