Hopp til innholdet
Aktuelt

Bypakke Bergen

Prisjustering av bompengetakstane frå 01.01.23

Den 1. januar vert bompengetakstane i bomstasjonane i Bergen justerte etter konsumprisindeksen (KPI). Takstane vert justerte med grunnlag i takstvedtak fatta av Vegdirektoratet 04.11.22.

Nye takster frå 01.01.23:

Full pris (utenfor rustid/ i rushtid)

Taktstgruppe 1:

  • Diesel 34,00/64,00
  • Normal takst 28,00/58,00
  • Nullutsleppskjøretøy 6,00/11,00

Taktstgruppe 2:

  • Euro V og eldre 80,00/140,00
  • Euro VI 42,00/85,00
  • Nullutsleppskjøretøy 0,00/0,00

Pris med AutoPASS-avtale (utenfor rustid/ i rushtid)

Takstgruppe 1:

  • Diesel 27,20/51,20
  • Normal takst 22,40/46,40
  • Nullutsleppskjøretøy 4,80/8,80

Taktstgruppe 2:

  • Euro V og eldre 80,00/140,00
  • Euro VI 42,00/85,00
  • Nullutsleppskjøretøy 0,00/0,00

Tabell 1: Bompengetakstar for Bypakke Bergen
Rushtid (06:30-09:00 og 14:30-16:30) gjeld ikkje i dei nye bomstasjonane som vart etablerte i høve til Prop. 11 S (2017-2018) som opna i 6. april 2019.

Takstgruppe 1 er køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3 500 kg. Takstgruppe 2 er køyretøy med tillaten totalvekt over 3 500 kg. Personbiler med tillaten totalvekt over 3 500 kg i køyretøykategori M1 med gyldig AutoPASS-avtale og brikke får takstar som køyretøy i takstgruppe 1.

Elles gjeld vilkår for bompengar gitt etter gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

For meir informasjon: www.miljøløftet.no

Takstendringa kan klagast på til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering.
Klage kan sendast til Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep., 0033 Oslo, eller firmapost@vegvesen.no.