AutoPASS Mi side

Ny sjølvbeteningsløysing frå 27. februar 2018 - viktig informasjon før du går vidare

AutoPASS Mi Side er det felles systemet som alle bompengeselskap er knytte til. Den nye løysinga brukar pålogging med elektronisk ID, eventuelt alternativ pålogging for dei utan elektronisk ID.

Om du er ny eller eksisterande kunde, så er du ved bruk første gongen etter 27. februar definert som ny kunde.

Du må opprette ny brukar, og gamle passord vil ikkje lenger fungere.

Første gongen du loggar inn vil du få spørsmål om du allereie har eit kundetilhøve hos eit bompengeselskap.

  • Om dette er ei førstegangsregistrering av avtale, vel du «Nei, eg vil opprette ein ny avtale».
  • Har du ein AutoPASS-avtale allereie, vel du «Ja, eg har allereie ein avtale».

Om du har fleire avtalar frå tidlegare som du ønskjer knytt til avtalen, får du høve til dette via valet «Finn avtale» som du finn etter innlogging på Mi Side.

(Ved bruk av alternativ pålogging «Eg har ikkje ID-Porten brukar» må både nye eller eksisterande kundar velje «Ny brukar», og leggje inn e-post og opprette eit nytt passord.)

Trykk på ‘Fortset’ for å logge inn eller registrere ny brukar hos AutoPASS (opnast i ny fane).

Trykk på ‘Rettleiing’ for å lese om korleis du brukar tenesta.

Fortset til AutoPASS Rettleiing