Rettleiing for AutoPASS Mi side

Her finn du ei rettleiing til den nye AutoPASS Mi side. Vi rår til at du ser gjennom denne før du loggar deg inn på sida. Du kan òg gå tilbake til denne om du har behov undervegs.

Viss du er ute etter eit spesifikt tema kan du gå direkte via knappen Innhald.

1. Innlogging

Korleis loggar eg inn på Mi Side?

For å ta i bruk mi side må du ha ei e-postadresse.

Norske privat – og bedriftskundar, samt kundar med D-nummer, vel «Logg inn»

Dei som ikkje har elektronisk ID må ta i bruk «Eg har ikkje ID-porten brukar».

Språket kan endrast nedst på nettsida.

Etter du vel «Logg inn» vil følgjande side kome opp.

Når ein brukar elektronisk ID til innlogging, er det mogleg å bruke fleire ulike ID-typar.  T.d. MINID, BANKID, BANKID PÅ MOBIL, m.fl.

Om du er tilsett i ei bedrift og ønskjer å administrere AutoPASS-avtalen til bedrifta loggar du deg inn med din eigen elektroniske ID.  Etter at du har logga inn vil du kunne velje mellom bedriftsprofilen eller din personlege profil.

Om bedrifta ikkje kjem opp i lista, er du ikkje registrert med avgjevarrettar i Altinn.

Les meir om korleis firmaet ditt kan leggja til roller og rettar i Altinn.

Eg får ikkje logga inn med Elektronisk ID

Om du har problem med innlogging kan du bruke «Hjelp til innlogging» nedst på sida.  Om sida «hjelp til innlogging» ikkje løyser problemet må ein ta kontakt med Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

 

2. Registrering

Har du ikkje elektronisk ID må du først registrere ein brukar. Du vil få tilsendt ein e-post til den e-posten du registrerte inn med ei lenkje som må stadfestast. Etter lenkja er stadfesta må du logge inn på nytt.

Etter innlogging må du fylle inn informasjon som eventuelt manglar. Om det ligg allereie eksisterande avtalar på e-postadressa du registrerte deg med vil desse kome opp etter at du trykkjer på lagre.

Ved seinare innloggingar må du bruke tofaktor pålogging så fremt du ikkje skaffar deg elektronisk ID og brukar dette i staden for.

3. Min side

Etter innlogging visast denne sida. Om du er tildelt avgjevarrettar for ei eller fleire bedrifter, vil desse listast opp på sida.

Vel «gå vidare» på den avtalen du ønskjer å administrere.

Oppretting av kundetilhøve eller knyting av allereie eksisterande kundetilhøve

Første gong du loggar inn vil du få spørsmål om du allereie har eit kundetilhøve med eit bompengeselskap.

Har du ein AutoPASS-avtale allereie, vel du «Ja, eg har allereie ein avtale».

Om dette er ei førstegangsregistrering av avtale, vel du «Nei, eg vil opprette ein ny avtale».

4. Opprett avtale

Valde du å opprette nytt kundetilhøve, skal manglande informasjon fyllast ut. Etter at skjema er lagra vil du få høve til å bestille AutoPASS-brikke.

Når du skal leggje til køyretøyet ditt må du først velje landkode, deretter leggje inn registreringsnummeret. Etter registreringsnummer er registrert vil informasjon om køyretøyet visast. For å få tilsendt brikke må ein også akseptere avtalevilkåra.

5. Finn avtale

Om du valde «Ja, eg har allereie ein avtale» og avtalen din ikkje kjem opp på Mi Side kan du søkje opp tidlegare avtalar med enten e-postadressa di eller det tidlegare kundenummeret og passordet.

NB! Ver oppmerksam på at du får ei feilmelding når du skriv inn epostadressa, fram til du har skrive inn heile epostadressa. Dette gjeld også ved bruk av autofill av epostadressa. Du må skriva den inn manuelt.

Du vil få ein e-post sendt til den e-postadressa du legg inn som må stadfestast.

Etter e-posten blir stadfesta og om det blir funne avtalar registrerte på e-posten du legg inn, vil desse bli knytte opp til brukaren din. Etter avtalane blir knytte vil du ha tilgang til desse avtalane, samt kunne gjere endringar. Om du får opp «Feil Kontotype» indikerer dette at e-postadressa du har lagt inn også står registrert på ein firmaavtale. Du kan ikkje knyte ein firmaavtale med ein privat avtale. Om du ønskjer å gjere endringar på ein firmaavtale må du byte avgjevar samt ha avgjevarrettar i Altinn.

6. Menyen

Når du har knytt avtale vil du kunne gjere fleire endringar og hente ut informasjon.

På venstre side kan du navigere deg fram til dei ulike vala:

  • Saldo
  • Brikker
  • Faktura
  • Passeringer
  • Kundeservice

7. Saldo

Under saldo har du høve til å sjå kva slags avtale du har med kva slags bomselskap. I tillegg kan du sjå registreringsnummeret på køyretøyet samt vise detaljar på avtalen. Har du fleire avtalar som du ønskjer å knyte til brukaren din kan du velje «Finn avtale». «Bli kunde» lar deg opprette ein ny avtale. «Rediger profil» lar deg redigere profilen din.

Under avtaledetaljar kan du sjå detaljar om det registrerte køyretøyet. Du kan også leggje inn ein valfri fakturareferanse om du ønskjer dette. Om du kryssar av på «Huk av her om du ønskjer detaljert faktura» vil du saman med framtidige fakturaar få ei detaljert utskrift som viser dato, klokkeslett og bomstasjon det er passert hos.

Redigering av profilen din lar deg endre e-post, telefonnummer og adresse. Du kan ikkje endre namn eller fødselsdato, har du t.d. endra namn må du ta kontakt med bomselskapet ditt.

8. Brikker

Fana brikker & køyretøy gjev deg fleire val. Du vil kunne sjå dei ulike brikkene og køyretøya som er registrert på avtalen, samt kunne inngå tilleggsavtalar. Tilleggsavtale er ein avtale ein inngår i tillegg til bomselskapet sitt. Med ein tilleggsavtale vil du få eigen faktura frå det selskapet du teiknar tilleggsavtale med. I dei fleste tilfelle er det ikkje nødvendig å teikne tilleggsavtale, men med visse bomselskap må ein ha tilleggsavtale for å få høgare rabatt. Du kan også ta ut liste over alle køyretøya registrerte på avtalen ved å trykke på «Eksporter til fil». Under «Brikker & køyretøy» kan du også leggje til eit køyretøy til, flytte brikka over til ein annan bil og fjerne eit køyretøy frå avtalen.

Om du vel «Legg til køyretøy» kan du registrere inn eit nytt køyretøy. Du må først velje landkode for køyretøyet, deretter leggje inn registreringsnummer. Informasjon om køyretøyet vil så kome opp. Neste steg er å velje om køyretøyet skal ha eigen faktura og avtale eller om det skal fakturerast via den eksisterande avtalen din. Har du fleire avtalar kan du velje kven av desse den nye brikka skal leggjast inn hos. Før du kan lagre må du godta dei «Generelle og spesielle avtalevilkåra».

Har du t.d. kjøpt nytt køyretøy og ønskjer å bruke ei allereie eksisterande brikke kan du gå inn på «Flytt brikke til anna kjøretøy». Først må du velje kva brikke du ønskjer å flytte, deretter legg du inn registreringsnummeret på køyretøyet du vil flytte brikka til. Informasjon om køyretøyet vil kome opp, du kan då sjekke at køyretøydata stemmer med registreringsnummeret ditt. Eit køyretøybyte kan tilbakedaterast maks tre dagar.

Har du kvitta deg med eit kjøretøy og brikka ikkje skal flyttast til eit nytt køyretøy med ein gong kan du velje «Fjern køyretøy». Etter du har valt køyretøyet som skal fjernast har du to val, du kan enten velje «Gjer opp brikka» då vil du få tilbake depositumet, vel du «Gjenbruk brikka» setjast ho på vent og kan registrerast inn på eit anna køyretøy seinare.

9. Faktura

Under fana «Fakturaar» kan du sjå dei ulike fakturaane dine. Om du berre vil få opp fakturaar i ein viss periode kan du endre dato øvst. Ved å trykkje på ei av fakturalinjene vil du få opp betalingsinformasjon (KID, Kontonummer, Beløp). Trykkjer du på «Gå til passeringar» kan du sjå dei ulike passeringane som er registrerte på fakturaen. Går du på «Vis faktura» vil du få opp ein kopi av fakturaen i pdf-format. Er ein faktura betalt vil det stå «Faktura betalt» under fakturastatus. Er han ikkje betalt vil det stå «Faktura sendt», men om fakturaen har blitt purra vil status endre seg til «Faktura stoppa. Ny purring er laga».  Det vil ikkje vere mogleg å trykkje på «Gå til passeringar» på ei purring, men den opphavlege fakturaen vil framleis vere tilgjengeleg i oversikta der det vil vere mogleg å sjå passeringar.

Om du valde «Gå til passeringar» vil du få ei oversikt over dei passeringane som er registrerte på fakturaen. Oversikta viser dato, klokkeslett, køyretøyet, bomselskap, namn og pris på bomstasjonen. Du kan også eksportere desse til ei excel-fil.

10. Passeringer

Om du berre ønskjer passeringar i ein spesifikk tidsperiode kan du velje dette under fana passeringar. Passeringar kan berre hentast ut per månad, ønskjer du å hente ut passeringar for ein lengre tidsperiode må du gjere dette i fleire omgangar eller eventuelt ta kontakt med bomselskapet ditt.

11. Kundeservice

Under fana «Kundeservice» kan du sjå på «Ofte stilte spørsmål» der du ofte kan finne svar på det du lurar på. Skulle du trenge å kome i kontakt med bomselskapet ditt, kan du velje bomselskapet ditt frå nedtrekkmenyen på venstre side. Du vil få opp telefonnummer, nettside og adresse på det bomselskapet du vel.

Når du vel «Kontakt oss» kan du opprette ei sak og kome i kontakt med bomselskapet ditt. Du kan også leggje til vedlegg du kan sende saman med saka di.

12. Firmaroller i Altinn

Du kan leggja til roller og rettar i Altinn for firmaet ditt ved å gjera følgjande:

Gå til «Innstillinger» når du er innlogga i Altinn.

Vel «Andre med rettigheter til virksomheten»

Legg til ny person eller verksemd

Legg inn «Fødselsnr» og «Etternavn» på vedkomande som skal har rettar.

Gje rettar til «MinSide AutoPASS»

Definer kva for rettar vedkomande skal få til tenesta

Rettar til AutoPASS er gjeven > «Ferdig»

Legg til kva for rolle vedkomande skal ha

Tildela rolle: «Samferdsel»

Rolle til Samferdsel er gjeven > «Ferdig»