Austevollsbrua

Fakta om prosjektet

Austevollsbrua er namnet på bruprosjektet som bind saman øyane Huftarøy og Hundvåkøy i Austevoll kommune. Austevollsbrua opna 17. november 2007. Bruprosjektet på fylkesvei 546 omfattar 3,8 km. veg og bruene Storholmenbrua og Hundvåkøybrua. Austevollsbrua erstatta ferjesambandet Austevollshella – Hufthamar. 

Bruprosjektet er finansiert gjennom bompengar, innsparte ferjetilskott, lokale bidrag og riksvegmidlar. Det vert innkrevd bompengar som eit takstpåslag på ferjebilletten på sambanda Husavik – Sandvikvåg og Hufthamar – Krokeide.  Etter planen skal innkrevinga avsluttast i løpet av 2020.

Image