Finnfast

Fakta om prosjektet

Finnfast var namnet på vegprosjektet med fastlandssambandet til Finnøy kommune, nord for Stavanger i Rogaland.

Dette innebar at ein måtte byggje ein undersjøisk vegtunnel, og ettersom Rennesøy hadde fått fastlandssamband i 1992 gjennom Rennfast, blei Finnøytunnelen bygd frå øya Rennesøy til Finnøy med kryss og avstikkar i tunnelen til Talgje.

Finnfast opna 30. oktober 2009.