Jondalstunnelen

Fakta om prosjektet

Jondalstunnelen opna 08. september 2012.

Tunnelen blei bygd mellom Nordrepollen i Kvinnherad kommune og Skiparvik/Torsnes i Jondal kommune.

Prosjektet skapar eit nytt vegsamband frå Jondal mot Kvinnherad i sør, og vidare via Folgefonntunnelen austover mot Odda og E134 Haukelivegen.

Jondalstunnelen opnar òg for eit nytt samband mellom Odda og Bergen.

Prosjektet består av Jondalstunnelen på om lag 10 km og tilførslevegar på begge sider av tunnelen. Her inngår Torsnestunnelen på 580 meter, tre bruer og samlevegar. I tillegg er Nordrepolltunnelen utvida og oppgradert.

Bildet viser inngangsparti fra Jondalstunnelen