Bymiljøpakken Nord-Jæren

Fakta om prosjektet

Bymiljøpakken Nord-Jæren finansierer over 30 milliardar kroner til veg, buss og sykkelveg fram til 2033. Bymiljøpakken er ein bompengepakke for Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Bymiljøpakken fekk tilslutnad frå bystyret i Stavanger og kommunestyra i området hausten 2014, før fylkestinget i desember 2014 sa ja til bymiljøpakken. Bymiljøpakken vart vedteken i Stortinget 30. mars 2017.

Bymiljøpakken skal gje eit betre kollektivtilbod, betre tilhøve for dei som syklar og betre framkome på vegane.

Korleis vert Bymiljøpakken finansiert?
Bompengar står for den største delen. Staten går inn med midlar i Bymiljøpakken gjennom byvekstavtalen og Nasjonal transportplan, totalt omlag 11 milliardar kroner. Rogaland fylkeskommune bidrar med omlag 1,5 milliardar kroner i momsrefusjon.

Kommunane har gjennom byvekstavtalen forplikta seg gjennom arealplanlegginga til å utvikla bustadar og arbeidsplassar på ein måte som styrkjer kollektivtilbodet og reduserer behovet for transport. Midlane som Kolumbus får til å driva mobilitets- og haldningsskapande arbeid kjem frå belønningsmidlar som er ein del av byvekstavtalen.

Pengane i Bymiljøpakken finansierer:
Bussveien, Sykkelstamvegen, eigen veg for lastebilar frå Sola til Risavika og Sundekrossen. Firefeltsveg på E39 frå Tasta til Harestad pluss frå Hove til Ålgård. I tillegg kjem fleire vegar og mange gode tiltak for alle som syklar, går og reiser kollektivt.

Les meir på www.bymiljopakken.no

Image