T-forbindelsen

Fakta om prosjektet

T-forbindelsen er eit vegprosjekt for å knyte Haugesund-regionen betre saman. Eit nytt vegsamband mellom kommunane Haugesund, Karmøy og Tysvær er lagt til grunn som hovudmål. 

Prosjektet omfattar i hovudsak to undersjøiske tunnelar under Karmsundet og Førresfjorden, inkludert ein arm til Fosen, og 9,8 km veg fram til E134.

Tunnelen under Karmsundet er 3977 meter lang, og har 139 meter som sitt djupaste punkt. Tunnelen under Førresfjorden er 3764 meter lang og er 136 meter djup. Tunnelarmen til Fosen (Hellevik) er 1164 meter lang.

Dei tre tunnelane møtest i ei rundkjøring 60 meter under bakken på Fosen.

Den samla tunnellengda er om lag 8,9 km inkludert armen opp til Fosen i Karmøy kommune.

Vidare frå Fosen blei det laga ny veg, hovudsakleg i dagen, fram til E134. I Tysvær blei T-forbindelsen kopla til E39. Den totale veglengda i prosjektet er i overkant av 19 km.

Prosjektet har kosta om lag 1,9 milliardar kroner, og er eit spleiselag mellom staten, Rogaland fylkeskommune, Karmøy kommune og bompengar. Anleggsarbeidet starta hausten 2009 og anlegget blei opna for ordinær trafikk 5. september 2013.

Rundkjøring i undersjøisk tunell i T-forbindelsen

Bildet: Rundkjøring i undersjøisk tunnel i T-forbindelsen