Bilen min er selt. Kvifor har eg fått faktura?

Veronica Solås

Dersom du har selt bilen din, men ikkje har endra eller fjerna bilnummeret frå avtalen/brikka, får du faktura for passeringar gjort av den nye bileigaren.

Avtalen din er knytt til bilnummeret du har oppgitt. Dersom du ikkje melder frå om bilbyte, kjem du framleis til å få faktura for den gamle bilen din.

Du kan enkelt endre eller seie opp bilnummer via Mi Side.