Eg er forflyttingshemma. Kan eg få fritak i bomstasjonar?

Veronica Solås

Forflyttingshemma med gyldig parkeringsløyve frå kommunen har rett til gratis passering i bomringar knytte til byområde. Ein føresetnad er at du teiknar avtale med fritak og får brikke i bilen.
Parkeringsløyvet skal vere gyldig i minst to år.

Per i dag gjeld fritaket på desse stadene:

  • Askøypakken
  • Bomringen i Bergen
  • Bypakke Bodø og rv. 80 Vikan
  • Bypakke Grenland
  • Førdepakken
  • Haugesund
  • Kristiansand
  • Namsos
  • Nordhordlandspakken (frå 01.12.19)
  • Nord-Jæren
  • Oslo og Bærum
  • Trondheim (gjeld berre bomstasjonar som inngår i Miljøpakken)
  • Harstad
  • Kråkerøyforbindelsen

Fritaksavtale for eitt køyretøy

Dersom du er forflyttingshemma, og har eit parkeringsløyve med gyldigheit som varer i to år, så kan du sende søknad om fritak for betaling på eit køyretøy til det bompengeselskapet som du har avtale med. Kopi av parkeringsløyve frå kommunen må leggjast ved søknaden. Det blir lagt inn i avtalen din med bompengeselskapet at du har fritak for betaling i dei ovannemnde bomringane. Brikka er berre knytt til éin bil og kan ikkje flyttast mellom bilar. Du må hugse å orientere bompengeselskapet dersom du skiftar køyretøy.
Fritaket gjeld ikkje for institusjonar.

Fritaksavtale for barn som er rørslehemma

Foreldre med rørslehemma barn, der barnet har parkeringsløyve, kan etter søknad til bompengeselskapet få to køyretøy lagt inn med fritak for å betale bompengar i bomringar.

 

Lovverket oppdatert 27.03.19

© Ferde AS. Alle rettigheter forbeholdt. Utvikling & design av AlfGundersen.