Slik teiknar du deg ein avtale for elbil eller hydrogenbil:
Mange bompengeanlegg har endå fritak for nullutsleppskøyretøy (fellesnemning for elbilar og hydrogenbilar), og nokon bompengeanlegg gir rabatt.
Du kan lese mer om «Kva er nullutsleppskøyretøy?»
For å få fritak/rabatt på ditt elektriske køyretøy, må du teikne AutoPASS avtale og få bombrikke til bilen.
Og du vil då automatisk få fritak eller rabatt i alle anlegg kor dette gis.
Hugs at dersom du køyrer utan bombrikke vil du måtte betale ordinær takst utan rabatt.
Korleis går du fram for å teikne ei avtale på elbil/hydrogenbil:
- Eg har ei avtale og har skifta frå vanleg bil til elbil: Logg på AutoPASS – Min Side og endre bilnummer på avtala di frå gamalt til nytt registreringsnummer. Flytt over bombrikka frå gamal til ny bil.
- Eg har ei avtale og har fått meg ein elbil i tillegg til eksisterande bil. Logg på AutoPASS – Min Side og legg til registreringsnummeret til elbilen på eksisterende avtale. Du vil få bombrikka tilsendt i posten.
- Eg har ikkje avtale frå før: Inngå avtale på AutoPASS – Min Side og legg inn registreringsnummeret til elbilen. Du vil få bombrikka tilsendt i posten.