Eg har ikkje tilgang til passeringsopplysningane mine?

Veronica Solås

Dersom du ikkje får fram passeringsopplysningane dine på Mi Side, kan det tyde på at du har bedt om at passeringsopplysningane skal slettast automatisk («sporfri avtale») når du har inngått avtalen din med oss. Dette inneber at passeringsopplysningane dine blir sletta automatisk straks passeringa er belasta på avtalen din.

Dersom du ønskjer å ha oversikt over dei framtidige passeringane dine, kan du kontakte oss via kundeservice og be oss endre avtalen din bort frå «sporfri avtale».