Kor finn eg oversikt over fakturaene og betalingsopplysningane mine?

Veronica Solås

Dersom du har avtale, så finn du oversikt over fakturaer og betalingsopplysningar på Mi Side.

Etter du har logga inn:
Under fana «Fakturaar» kan du sjå dei ulike fakturaane dine. Om du berre vil få opp fakturaar i ein viss periode kan du endre dato øvst. Ved å trykkje på ei av fakturalinjene vil du få opp betalingsinformasjon (KID, Kontonummer, Beløp).

Trykkjer du på «Gå til passeringar» kan du sjå dei ulike passeringane som er registrerte på fakturaen. (bilete 2)

Går du på «Vis faktura» vil du få opp ein kopi av fakturaen i pdf-format. Er ein faktura betalt vil det stå «Faktura betalt» under fakturastatus. Er han ikkje betalt vil det stå «Faktura sendt», men om fakturaen har blitt purra vil status endre seg til «Faktura stoppa. Ny purring er laga».

Det vil ikkje vere mogleg å trykkje på «Gå til passeringar» på ei purring, men den opphavlege fakturaen vil framleis vere tilgjengeleg i oversikta der det vil vere mogleg å sjå passeringar.

Om du valde «Gå til passeringar» vil du få ei oversikt over dei passeringane som er registrerte på fakturaen. Oversikta viser dato, klokkeslett, køyretøyet, bomselskap, namn og pris på bomstasjonen. Du kan også eksportere desse til ei excel-fil.