Korleis endrar eg adresse?

Veronica Solås

Dersom du har ein avtale, kan du enkelt endre adressa på Mi side:

> Logg deg inn på Mi Side
> Klikk på den brune boksen «Endre profil».
> I feltet «Fakturaadresse» fjernar du den gamle adressa di og legg inn den nye.
> Når dette er gjort, klikkar du «Lagre».

Det er ikkje eit krav at bileigaren må vere den same som avtaleinnehavaren. Avtaleregisteret vårt er av difor ikkje knytt opp mot opplysningar i Folkeregisteret eller Motorvognregisteret.
Dersom du ikkje har ein avtale, er det ikkje mogeleg å endre fakturaadressa. Når det gjeld passeringar utan avtale, må vi hente opplysningar frå Motorvognregisteret på eigaren av bilen.