Korleis veit Bomringen i Bergen kva takst eg skal betala?

Veronica Solås

For norske køyretøy hentar me informajon om miljø- og drivstoffklassane frå Statens vegvesen sitt motorvognregister, du som passerer treng ikkje gjera noko.

Er du usikker på kva miljøklasse køyretøyet ditt er i, kan du sjekka det på tenesta  Køyretøyopplysningar på Statens vegvesen sine nettsider.

Om du har eit utenlandsk kjøretøy, så må du registrera data om køyretøyet ditt på følgjande side: www.autopass.no/ed

Om du ikkje oppdaterer miljøinformasjonen på det utenlandske køyretøyet ditt, vert du belasta den høgaste taksten innanfor takstgruppa.