Kva er månadstak i Bomringen i Bergen?

Veronica Solås

Kundar med gyldig AutoPASS avtale og brikke i bilen betalar maks 60 passeringar pr. kalendermånad per køyretøy som er knytt til avtalen.

Fakturaperiode:
Ver merksam på at det ikkje alltid vert sendt ut faktura i slutten av kvar månad, slik at du kan få faktura for passeringar gjort over fleire månadar. Fakturaen kan difor innehalde meir enn 60 passeringar. Du må altså skilje mellom fakturaperiode og passeringsperiode. Du vil likevel ikkje verte trekt for meir enn 60 passeringar i Bergen innafor en måned.
Informasjon om passeringer får du om du logger deg på Min Side.

Dersom du brukar brikka frå Bergen når du passerar i andre bomanlegg, så vil passeringane bli fakturert via din faktura frå Bergen.
Hugs at andre bompengeprosjekt kan ha eigne månadstak.

Når får ein faktura tilsendt?

  • Dersom saldo for samla belastande passeringar er under 500 kroner, blir det fakturert etter 60 dagar sidan siste fakturerte passering.
  • Dersom saldo overstig 500 kroner og det er gått 30 dagar sidan førre fakturering, blir det sendt faktura.
  • Dersom saldo er over 10.000 kroner, blir ein fakturert kvar 14. dag.

Utan avtale:
NB! Bilistar utan avtale må betale for kvar passering gjennom bomringen, og får ikkje fordelar som månadstak eller timesregel.