Kva skjer dersom eit køyretøy passerar ein bomstasjon på ein bergingsbil?

Veronica Solås

Køyretøy som blir frakta gjennom bomringen på ein bergingsbil, må hugse å fjerne brikka frå køyretøyet, slik at brikka ikkje blir lesen ved passering.

  • Dersom køyretøyet passerar utan brikke, så vert det tatt bilde av passeringa. Og bilda av køyretøy som vert frakta på bergingsbil, vert sletta.
  • Dersom køyretøyet passerar med brikke, så vert det ikkje tatt bilde av passeringa. Og då er det ingen mogelegheit for å verifisere at dette køyretøyet ikkje passerte bomstasjonen på eigne hjul.
    Til info så vil eit køyretøy som blir taua gjennom bomringen, måtte betale for passeringa.

Regelen er slik at eit køyretøy som passerar bomstasjonen med alle fire hjula i bakken, må betale for passeringa.