Kva tyder lyssignala?

Veronica Solås

Obs! Frå 6. april vil lyssignala i alle bompengeanlegg i landet slukkast.


Det finst pr i dag to eksisterande system for  lyssignal i AutoPASS-anlegga:

  1. Bomstasjonar utan lyssignal (kun Nord-Jæren)
  2. Bomstasjonar med lyssignal
    • Lyssignala består av grønt og kvitt plussteikn, og eit gult kamera.
    • Lyssignala består av grønt og kvitt plussteikn, og ikkje noko signal.

 

1. Bomstasjonar utan lyssignal

Nyare bomstasjonar har ingen saldolys. Du vil difor ikkje få lyssignal ved passering, sjølv om du passerar med brikke.

  • Dersom du passerar med ei gyldig AutoPASS-avtale og brikke, vil di passering bli belasta avtalen med rabtt og andre lokale fordelar.
  • Derosm du passerar uten gyldig avtale og brikke, vil det bli tatt bilete av registreringsnummeret på bilen din. Faktura vil bli sendt til køyretøyets eigar til full pris, og utan andre lokale avtaler.
2. Bomstasjonar med lyssignal
Grønt lyssignal  

Dette tyder at passeringa er godkjend og at brikka er registrert. Du har ein gyldig AutoPass-avtale og avtalen er belasta.

 Kvitt lyssignal  

Dersom du har ein forskotsavtale  tyder det at saldo på avtalen er låg. Du får ein ny faktura og må betale denne før saldoen er negativ.

Dersom du har ein etterskotsavtale tyder dette at forfallsdatoen på den siste fakturaen er passert.
OBS! Kundar med avtalegiro får eit kvitt signal når avtalegirotrekket er sendt til banken, og fram til trekket er utført.

Ikkje noko lyssignal / Gult kamera

Dette tyder at det blir teke bilete av kjennemerket på bilen din. Det kan tyde at du passerer med ei brikke som ikkje blir lesen eller at avtalen din ikkje lenger er gyldig.
Vi gjer merksam på at etterskotsavtalar med inkassokrav automatisk blir sperra.

 

Når nye avtalar blir starta opp, får du ikkje korrekt lyssignal før bompengeselskapet har registrert avtalen og betalinga di.