Med rett til fritak kan du passere gjennom bomstasjonane gratis.
Køyretøygrupper merkte med * må ha ein gyldig AutoPASS-avtale og brikke i køyretøyet for å få fritak eller redusert betaling. Fritak må dokumenterast.
Desse gruppene er fritekne for betaling:
- Passasjerar i alle typar køyretøy
- Gåande og syklande
- Køyretøy som i vognkortet blir karakterisert som motorsyklar og mopedar og ATV registrert som firehjuls motorsykkel.
- Kollektivtransport i rute*
- Uniformerte utrykkingskøyretøy, og sivile utrykkingskøyretøy i tenesteoppdrag*
- Forflyttingshemma* (Fritaket gjeld berre i bomringar, og med parkeringsløyve frå kommunen.)
Særskilde merknader:
- ATV registrert som traktor har ikkje fritak for bompengar.
- Traktor er ikkje friteken for bompengebetaling.
- Reduksjon Finnfast: Traktor går som lett køyretøy. AutoPASS-avtale er ein føresetnad.
- Nullutsleppskøyretøy ( Køyretøy som er elektrisk drivne, og har drivstoffkode 5 i vognkortet og Hydrogenkøyretøy med drivstoffkode 6 i vognkortet) har ikkje lengre fritak i alle bompengeanlegg, og vil i stadig fleire anlegg betale redusert takst for passering.*
Bompengeanlegg som har innført betaling for nullutsleppkøyretøy finn du HER.