Kva er fordelen med avtale?

Veronica Solås

Ferde samlar alle sine kundar i eit kunderegister, og det er ikkje lengre mogeleg å teikne avtalar for eit enkelt bompengeprosjekt. Når du teikner avtale med «Ferde AS – Bomringen i Bergen» kan du passere i alle bomanlegg i Norge, samt enkelte ferjesamband.

Fordeler med AutoPASS-avtale
  • 20% rabatt på alle bompasseringar
  • Alle bompasseringar samla på ein faktura
  • Bubil og andre køyretøy i klasse M1 kan betale som lett køyretøy
  • 10% rabatt på fleire ferjer i Norge. Du kan og førehandsbetale og få opp til 50% rabatt. Les meir på https://www.autopassferje.no/
  • Du kan passere rett gjennom alle AutoPASS/EasyGo-anlegg, både i Norge og i utlandet,  og du får automatisk rabatt i fleire andre bomanlegg.  Alle passeringane dine vert fakturert direkte frå det selskapet du oppretta hovedavtala di.
  • Fordelar som månadstak og timesreglar der kor dei har dette.
  • Tilgang til MiSide (hjå det selskapet du fekk brikka di i frå) kor du kan til ei kvar tid få oversikt over saldoen din og fakturaene dine. Du kan hente ut passeringsoversikt, gjere endringer på avtala di etc.

Du betaler berre eit depositum på 200,- kr for bombrikka. Det får du tilbake dersom du seier opp avtale di. Det er ingen års- eller månadsavgift. Du betalar berre for bompasseringane dine.