I tråd med føringane frå Prop. 11 S (2017–2018) vert det innført miljødifferensierte bompengetakstar i Bergen frå 01.06.2018.
Endring av rabattsystem
Gjennom handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 / Innst. 13 S (2015–2016) har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre eit nytt standardisert takst- og rabattsystem for bompengeprosjekt. Målet med omlegginga til nytt system er å effektivisere og å gjere bompengeinnkrevjinga enklare.
Innføring av nytt takst- og rabattsystem medfører følgande endringar frå 01.06.18:
- Alle kundar som har hovudavtale og brikke frå Bomringen i Bergen vert automatisk gjort om til etterskotsavtaler med 20 % rabatt. Lokale forskotsavtaler med rabatt vert ikkje lengre tilbydd.
- Noverande tilleggsavtalar hos Bomringen i Bergen for å oppnå lokal rabatt vert avvikla.
- AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra. Alle passeringar i bompengeringen, med brikke, vil frå 1. juni verte trekt frå hovudavtala.
- Køyretøy i takstgruppe 1 som passerar med gyldig brikke får 20% rabatt. Det gis ikkje rabatt til takstgruppe 1
- Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
- Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 1 | Takstgruppe 2 | |||||
Normaltakst | Diesel | Nullutslepp | Euro V og eldre | Euro VI | Nullutslepp | |
Utenom rush | 24,- | 29,- | 0,- | 67,- | 36,- | 0,- |
Rush (06.30–09.00 og 14.30–16.30) | 49,- | 54,- | 0,- | 118,- | 72,- | 0,- |
Tabell: Bompengetakstar for Bypakke Bergen etter omlegginga til nytt takst- og rabattsystem og innføring av miljødifferensierte takstar.
For ladbare hybridar vert det det, i tråd med Prop. 11 S (2016–2017), lagt til grunn følgjande takster:
– Ladbare hybridar i takstgruppe 1 skal betale normaltakst
– Ladbare hybridar i takstgruppe 2 skal betale takst som Euro VI
Det gis fritak ifølgje gjeldande takstretningslinjer:
• Passasjerar i alle typar køyretøy
• Gåande og syklande
• Motorsyklar og mopedar
• Køyretøy i merka gravferdsfølgje
• Kollektivtransport i konsesjonert rute*
• Uniformerte utrykkingskøyretøy, samt sivile utrykkingskøyretøy i tenesteoppdrag*
• Rørslehemma med gyldig parkeringstillatelse*
Fritaksordningar merka med * føreset elektronisk brikke og gyldig avtale.
Timesregel og passeringstak på 60 passeringar pr. månad for alle køyretøy med elektronisk brikke og gyldig avtale vert vidareført.