Endring av takst- og rabattsystemet frå 01.12.18

Veronica Solås Nyheiter

Gjennom handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 / Innst. 13 S (2015-2016) har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre eit nytt standardisert takst- og rabattsystem for bompengeprosjekt. Målet med omlegginga til nytt system er å effektivisere og å gjera bompengeinnkrevjinga enklare.

Felles endringar i takst- og rabattsystemet i Vossapakko, Jondalstunnelen og Hardangerbrua
  • Innføring av eit standardisert rabattsystem med automatisk brikkerabatt
  •  Alle køyretøy i takstgruppe 1 som passerar med gyldig brikke får 20% rabatt.  Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.
    • Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
    • Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Nye takster Vossapakko fra 01.12.2018:
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Fullpris Fullpris
Vossapakko Kr. 47,00 Kr. 168,00
  • Alle kundar med hovudavtale og brikke frå Voss og omland bompengeselskap AS vert automatisk gjort om til etterskotsavtale med 20% rabatt. Forskuddsavtalar med 30-50% rabatt blir ikkje lengre tilbydd.
  • Noverande tilleggsavtalar hos Voss og omland bompengeselskap AS for å oppnå lokal rabatt på 30%-50% rabatt vert avvikla.
    AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert i frå, hovudavtala, blir ikkje endra, og passeringar frå 1. desember vert trekt frå hovudavtala.
    Sluttavrekning og eventuelt inneståande beløp på tilleggsavtalar vert tilbakeført seinast tre månadar etter endring.
  • Timesregelen vert videreført for køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.
  • Innføring av månadstak på 25 passeringar for køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.
Nye takster Jondalstunnelen fra 01.12.2018:
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Fullpris Fullpris
Jondalstunnelen Kr. 32,00 Kr. 51,00
  • Alle kundar med hovudavtale og brikke frå Jondalstunnelen AS vert automatisk gjort om til etterskotsavtale med 20% rabatt. Forskuddsavtalar med 30-50% rabatt blir ikkje lengre tilbydd.
  • Noverande tilleggsavtalar hos Jondalstunnelen AS for å oppnå lokal rabatt på 30%-50% rabatt vert avvikla.
    AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert i frå, hovudavtala, blir ikkje endra, og passeringar frå 1. desember vert trekt frå hovudavtala.
  • Sluttavrekning og eventuelt inneståande beløp på tilleggsavtalar vert tilbakeført seinast tre månadar etter endring.
Nye takster Hardangerbrua  fra 01.12.2018:
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Fullpris Fullpris
Hardangerbrua Kr. 143,00 Kr. 574,00
  • Noverande tilleggsavtalar ho Hardangerbrua AS for å oppnå lokal rabatt på 30%-50% rabatt vert avvikla.

Les mer: