Bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy i Askøypakken frå 01.01.19

Veronica Solås Nyheiter

Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på elkøyretøy og hydrogenkøyretøy.

I tråd med føringane frå Prop. 87 S (2017-2018) og lokale vedtak vert det innført bompengeavgift i Askøypakken for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 som svarer til 50 pst. av ordinær bompengetakst etter rabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 skal inntil vidare ikkje betale bompengar.

 

Takstgruppe 1 Takstgruppe2
Ordinær takst 28 46
Autopass avtale med 20% rabatt 22,40 46
Takst nullutsleppskøyretøy (med gyldig avtale og brikke) 11,20 0

Nullutsleppskøyretøy utan gyldig avtale og brikke betalar ordinær bompengetakst.

Timeregel og månadstak på 30 passeringar vil òg gjelde for nullutsleppskøyretøymed gyldig avtale og elektronisk brikke

 

Takstendringa kan klagast inn til Samferdsledepartementet innan tre veker frå kunngjering.
Klage sendast Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep., 0033 Oslo.

Kunngjering Askøypakken (PDF)