Kunngjering om endring i takst- og rabattsystemet på Bømlopakken frå 01.02.19

Veronica Solås Nyheiter

Gjennom handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 / Innst. 13 S (2015-2016) har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre eit nytt standardisert takst- og rabattsystem for bompengeprosjekt. Målet med omlegginga til nytt system er å effektivisere og å gjera bompengeinnkrevjinga enklare.

Nytt takst- og rabattsystem i Bømlopakken
  • Innføring av eit standardisert rabattsystem med automatisk brikkerabatt
  • Alle køyretøy i takstgruppe 1 som passerar med gyldig brikke får 20% rabatt.  Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.
    • Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
    • Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Nye takstar i Bømlopakken frå 01.02.2019:
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Fullpris Fullpris
Bømlopakken Kr. 69,00 Kr. 164,00
  • Alle kundar med hovudavtale og brikke frå Bømlopakken blir automatisk omgjort til etterskotsavtaler med 20% rabatt.
  • Lokale forskotsavtaler med 30-50% rabatt  vert ikkje lengre tilbydd, og eksisterande tilleggsavtalar hos Bømlopakken vert avslutta.
    AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra, og passeringar frå 1. februar verte trekt frå hovudavtala.
    Sluttavrekning og eventuelt inneståande beløp på tilleggsavtalar vert tilbakeført seinast tre månadar etter endringa.
  • Timesregel vert avvikla frå 01.02.19
  • Månedstak krev gyldig AutoPASS-avtale og brikke:
    • Køyretøy i takstgruppe 1 får passeirngstak på 30 passeringar kvar kalendarmåned.
    • Køyretøy i takstgruppe 2 får passeringtak på 40 passeringar kvar kalendarmåned.
  • Nullutsleppskøyretøy
    • I tråd med føringane frå Prop. 87 S (2017-2018) og lokale vedtak, vert det innført bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy i Bømlopakken. Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på elbilar og hydrogenbilar. Betaling av bompengar som nullutsleppskøyretøy krev gyldig AutoPASS-avtale og elektronisk brikke. Utan gyldig avtale og brikke, vil nullutsleppskøyretøy betale ordinær bompengetakst på lik linje med andre køyretøy.
    • Nullutsleppskøyretøy skal frå 01.02.2019 betale 50 pst. av taksten for takstgruppe 1 etter rabatt: 27,60 kroner i bomstasjonen på Spissøy.
    • På ferjesambandet Langevåg–Buavåg skal nullutsleppskøyretøy betale 50 pst. av taksten for konvensjonelle køyretøy. NB! NY DATO FOR INNFØRING VIL KOMME.
Les mer: