Bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy i Jondalstunnelen frå 01.04.19

Veronica Solås Nyheiter

Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på elkøyretøy og hydrogenkøyretøy. (Les meir her.)

Jondalstunnelen innfører bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy frå 01.04.19

I tråd med føringane frå Prop. 87 S (2017-2018) og lokale vedtak vert det innført bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 som svarer til 50 pst. av ordinær bompengetakst etter rabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 skal inntil vidare ikkje betale bompengar.

Jondalstunnelen Takstgruppe 1 Takstgruppe2
Ordinær takst 32,00 51,00
Autopass avtale med 20% rabatt 25,60 51,00
Takst nullutsleppskøyretøy (med gyldig avtale og brikke) 12,80 0

Nullutsleppskøyretøy utan gyldig avtale og brikke betalar ordinær bompengetakst.

Takstendringa kan klagast inn til Samferdsledepartementet innan tre veker frå kunngjeringa den 01.03.19.
Klage sendast Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep., 0033 Oslo.

 

Sjå kunngjeringa (PDF)