Oppstart innkrevjing av bompengar for E18 Tvedestrand-Arendal den 02.07.19 (UTSATT)

Veronica Solås Nyheiter

 

 


OBS! Innkrevingen er utsatt! Oppdatert nyheit om utsatt innkrevjing finn du HER.


Den 2. juli 2019 kl 12:00 startar innkrevjinga av bompengar på den nye firefelts motorvegen mellom Tvedestrand og Arendal.

Det vert krevd inn bompengar i bomstasjonane E18 Mørland og E18 Stølen i begge retningar.

Priser

Ordinær pris
(utan brikke)

Takstgruppe 1

Takstgruppe 2

E18 Mørland

kr 30

kr 75

E18 Stølen

kr 14

kr 35

Brikkerabatt 20%

E18 Mørland

Kr 24

kr 75

E18 Stølen

Kr 11,20

kr 35

Nullutsleppskøyretøy

E18 Mørland

Kr 12

kr 0

E18 Stølen

Kr 5,60

kr 0

Alle køyretøy i takstgruppe 1 som passerar med gyldig brikke får automatisk 20% rabatt.  Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

  • Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
  • Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå og med 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Betaling for nullutsleppskøyretøy frå 01.08.19
Frå denne dato skal elbilar og hydrogenbilar betale bompengavgift som svarar til 50% av ordinær takst etter rabatt. Dette krev gyldig AutoPASS avtale og brikke, ellers må ein betale ordinær takst. Les meir her

Har du ikkje AutoPASS-avtale eller brikke?
Dersom du ikkje har AutoPASS-avtale, betalar du full pris. Dette gjeld og for nullutsleppskøyretøy.
Du vil vanligvis få faktura i posten 1-3 månedar etter passering. Fakturaen blir sendt til køyretøyet eigar, og inneheld kun passeringsavgift.

Ynskjer du avtale og rabatt?
Dersom du teiknar avtale og skaffar deg brikke, vil du få rabatt for E18 Tvedestrand-Arendal same kor du teiknar di hovudavtale.

Du kan teikne avtale på https://minside.autopass.no/

04.06.19 Kunngjering (PDF)