Ferde fekk inn 2,4 milliardar i fyrste år som regionalt bompengeselskap

Veronica Solås Nyheiter

190 millionar bompasseringar gav 2 424 millionar kroner i inntekter til Ferde i 2018. Heile 23 bompengeselskap er fusjonert inn i selskapet, som skal finansiere vegprosjekt frå Aust-Agder i sør-øst, til Sogn og Fjordane i nord-vest.  

 Driftskostnadane vart 268 millioner kroner, som er 11% av inntektene. Det gjer ein kostnad på kr 1,41 per bompassering. Kostnadane var påverka av kjøp og innfusjonering av dei 23 bompengeselskapa, samt kostnader relatert til overgangen frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling av bompengar. Aksjekapitalen i dei innfusjonerte selskapa vart tilbakebetalt til eigarkommunar og fylker.

 

– Vårt mål er å samle inn bompengar på ein mest mogeleg kostnadseffektiv måte, og finansiere vegprosjekt. I 2018 har vi slått saman selskapa og profesjonalisert finanssida av selskapet, noko som bidreg til reduserte rentekostnader. På kundebehandling har vi fortsatt ein del å hente på harmonisering på tvers av prosjekta, kommenterer Trond Juvik, administrerande direktør. Selskapet svarte i fjor på 141 057 henvendingar på telefon og 83 670 på e-post.

 

– Målet er å halvere kostnadsnivået innan tre år. For å få det til, er vi avhengige av å få overført ansvar frå Statens vegvesen på dei områda dei fortsatt er operative, for at vi skal kunne få kontroll på verdikjeden og dra nytte av stordriftsfordelar. Det betyr at dei regionale bompengeselskapa får ansvar for all teknisk utrustning, inkludert IKT løysingar, noko som i dag i stor grad vert handsama av Statens vegvesen, fortset Juvik.

 

Kontakt:

Marit Husa, Kommunikasjonsdirektør
marit.husa@ferde.no, mobil 47 68 55 44

 

Sjå vår årsberetning:

Ferdes Årsberetning 2018