Forseinking på bompengeinnkreving på E18 Tvedestrand – Arendal

Veronica Solås Nyheiter

Leveransen av kamera til bomstasjonane på nye E18 Tvedestrand – Arendal er forseinka, noko som medfører forseinking av bompengeinnkrevjinga.  

Tirsdag 2. juli opnar den nye firefeltsvegen mellom Tvedestrand og Arendal. Dette er ei vegstrekning som har to bomstasjonar (Mørland og Stølen). All infrastruktur relatert til bompengeinnkrevjinga på dei to stasjonane er ferdig installert og testa, med unntak av dei sentrale videokamera.

Leverandøren av videokamerene har meddelt Ferde AS at kameraene ikkje fungerer slik dei skal. Dette betyr at oppstart av innkrevinga av bompengar på strekningen Tvedestrand – Arendal ikkje vil starte 2. juli som planlagt. Forseinkinga gjeld for begge bomstasjonane. Nye E18 vil fortsatt opne for ferdsel 2. juli, sjølv om bompengeinnkrevjinga er forseinka.

Nye Veier er ansvarleg for byggjing av vegen. Det regionale bompengeselskapet Ferde er ansvarlig for innkrevjing av bompengar.

– Vi har hatt tett dialog og oppfølging av leverandøren av infrastrukturen for bomstasjonane, Tecsidel, og har inntil for kort tid sidan vore informert om at leveransane var i rute, kommenterer Marit Husa, kommunikasjonsdirektør i Ferde. Når innkrevinga vil starte er derfor usikkert, men ein antek oppstart 1. september 2019.

 

Kontakt:

Marit Husa, Kommunikasjonsdirektør
marit.husa@ferde.no, mobil 47 68 55 44