Kunngjering for innføring av betaling for nullutsleppskøyretøy frå 01.09.19

Veronica Solås Nyheiter

Innføring av betaling for nullutsleppskøyretøy
Frå og med 01. september 2019 vert det innført betaling for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 for Haugalandspakken,  T-forbindelsen og Førdepakken.

Betaling for nullutsleppskøyretøy
I tråd med føringane frå Prop. 87 S (2017-2018) og lokale vedtak vert det innført bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 som svarer til 50 pst. av ordinær bompengetakst etter rabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 skal inntil vidare ikkje betale bompengar.

Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på elkøyretøy og hydrogenkøyretøy. Rabatterte takstar for nullutsleppskøyretøy krev gyldig avtale og elektronisk brikke. Nullutsleppskøyretøy utan gyldig avtale og brikke betalar ordinær bompengetakst.


 

Takstane i Haugalandspakken vert som følgjer frå 1. september:
Haugalandspakken Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Full pris Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyretøy Kr 11,00 Kr 8,80 Kr 18,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 11,00 Kr 4,40 Kr 0,00

Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Passeringstak og timesregel for Haugalandspakken:
Passeringstak og timesregel vert vidareført for køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.


 

Takstane i T-forbindelsen vert som følgjer frå 1. september:
T-forbindelsen Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Full pris Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyrtøy Kr 30,00 Kr 24,00 Kr 45,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 30,00 Kr 12,00 Kr 0,00

Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.


Takstane i Førdepakken vert som følgjer frå 1. september:
Førdepakken Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Full pris Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyretøy Kr 26,00 Kr 20,80 Kr 47,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 26,00 Kr 10,40 Kr 0,00

Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Passeringstak og timesregel for Førdepakken:
Passeringstak og timesregel vert vidareført for køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.


Les meir:

Kunngjering Haugalandspakken og T-forbindelsen
Kunngjering Førdepakken