Kunngjering om endring i takst- og rabattsystemet frå 01.08.19

Veronica Solås Nyheiter

Gjennom handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 / Innst. 13 S (2015-2016) har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre eit nytt standardisert takst- og rabattsystem for bompengeprosjekt. Målet med omlegginga til nytt system er å effektivisere og å gjera bompengeinnkrevjinga enklare.

Felles endringar i takst- og rabattsystemet for Finnfast, Kvammapakken og fv. 45 Gjesdal
  • Innføring av eit standardisert rabattsystem med automatisk brikkerabatt
    Alle køyretøy i takstgruppe 1 som passerar med gyldig brikke får 20% rabatt.  Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

    • Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
    • Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
  • Betaling for nullutsleppskøyretøy: I tråd med føringane frå Prop. 87 S (2017–2018) og lokale vedtak vert det innført bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy.
    Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på elkøyretøy og hydrogenkøyretøy. Rabatterte takstar for nullutsleppskøyretøy krev gyldig avtale og brikke. Utan avtale og brikke, vil nullutsleppskøyretøy bli belasta ordinær takst.
    Køyretøy i takstgruppe 1 som svarer til 50 pst. av ordinær bompengetakst etter rabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 skal inntil vidare ikkje betale bompengar.

Du som er avtalekunde treng ikkje å gjera noko i samband med at avtala vert endra.


Nye takstar Finnfast frå 01.08.2019:
Finnfast bomstasjon Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Full pris utan avtale Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyretøy Kr 106,00 Kr 84,80 Kr 435,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 106,00 Kr 42,40 Kr 0,00

Kunder med hovudavtalar med Finnfast:
Alle kundar som har hovudavtale og brikke frå Ferde AS – Finnfast vert automatisk gjort om til etterskotsavtale med 20% rabatt (takstgr.1) og 0% rabatt (takstgr.2).
Lokale forskotsavtalar med 30-40% rabatt vert avvikla.
Inneværande saldo frå innbetalt forskotsbeløp vil bli overført ny etterskotsavtale.

Kunder med brikke frå eit anna bompengeanlegg som har tilleggsavtale med Finnfast:
Noverande tilleggsavtalar med Ferde AS – Finnfast for å oppnå lokal rabatt på 30-40 prosent rabatt vert avvikla.
Passeringar i bomstasjonen til Finnfast etter 1. august vert trekt frå avtala kor du har fått brikka di ifrå, med gjeldande rabatt.

Oppgjer for betalt forskot for tilleggsavtalar:
Sluttavrekning og eventuelt beløp ein har til gode på tilleggsavtalar blir tilbakeført seinast tre månader etter endring.
Refusjon vil skje til det kontonummeret du sist betalte din avtalefaktura frå. Dersom du har endra kontonummer sidan siste innbetaling må du innan 15.08.19 gi beskjed om nytt kontonummer i ein skriftleg henvendelse på www.ferde.no

Dersom du har en ubetalt forskotssfaktura, så treng du ikkje betale denne dersom du har positiv saldo som dekker dine passeringar fram til 01.08.19.

Ordninga med at traktorer med gyldig avtale og brikke vert belasta som takstgruppe 1 blir vidareført.


Nye takstar Kvammapakken frå 01.08.2019:

Kvammapakken

Takstgruppe 1

Takstgruppe 2

Full pris utan avtale Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyretøy Kr 50,00 Kr 40,00 Kr 65,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 50,00 Kr 20,00 Kr 0,00

Kunder med hovudavtalar med Kvammapakken:
Alle kundar som har hovudavtale og brikke frå Ferde AS – Kvammapakken vert automatisk gjort om til etterskotsavtale med 20% rabatt (takstgr.1) og 0% rabatt (takstgr.2).
Lokale forskotsavtalar med 30-40% rabatt vert avvikla.
Inneværande saldo frå innbetalt forskotsbeløp vil bli overført ny etterskotsavtale.

Kunder med brikke frå eit anna bompengeanlegg som har tilleggsavtale med Kvammapakken:
Noverande tilleggsavtalar med Ferde AS – Kvammapakken for å oppnå lokal rabatt på 30-40 prosent rabatt vert avvikla.
Passeringar i bomstasjonen til Kvammapakken etter 1. august vert trekt frå avtala kor du har fått brikka di ifrå, med gjeldande rabatt.

Oppgjer for betalt forskot for tilleggsavtalar:
Sluttavrekning og eventuelt beløp ein har til gode på tilleggsavtalar blir tilbakeført seinast tre månader etter endring.
Refusjon vil skje til det kontonummeret du sist betalte din avtalefaktura frå. Dersom du har endra kontonummer sidan siste innbetaling må du innan 15.08.19 gi beskjed om nytt kontonummer i ein skriftleg henvendelse på www.ferde.no

Dersom du har en ubetalt forskotssfaktura, så treng du ikkje betale denne dersom du har positiv saldo som dekker dine passeringar fram til 01.08.19.

Passeringstak for Kvammapakken
Kjøretøy i takstgruppe 1 med gyldig avtale og brikke får eit passeringstak på 25 betalande passeringar per månad per køyretøy.

Timesregel for Kvammapakken vert vidareført for køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.


Nye takstar fv. 45 Gjesdal frå 01.08.2019:

 Fv. 45 Gjesdal

Takstgruppe 1

Takstgruppe 2

Full pris utan avtale Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyretøy Kr 60,00 Kr 48,00 Kr 79,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 60,00 Kr 24,00 Kr 0,00

Alle som har gyldig AutoPASS-avtale og brikke frå eit anna bompengeselskap vil få rabatt ved passering etter denne datoen.

Du som avtalekunde trenger ikke å foreta deg noe:

  • Noverande avtaler hos fv. 45 Gjesdal AS for å oppnå lokal rabatt på 30-50% vert automatisk avviklet den 1. august.
  • Dersom du har en ubetalt forskotsfaktura, så trenger du ikkje betale denne dersom du har positiv saldo som dekker dine passeringar fram til 01.08.19.
  • AutoPASS-avtalen med det selskapet brikka er levert ifrå, hovudavtalen, vert ikkje endra, og passeringar frå 1. august vert trukke frå hovudavtalen.

Oppgjer for innbetalt forskudd:
Sluttavrekning og eventuelt beløp du har til gode på avtala blir tilbakeført seinast tre månader etter endring.
Refusjon vil skje til det kontonummeret du sist betalte din avtalefaktura frå. Dersom du har endra kontonummer sidan siste innbetaling må du innan 15.08.19 gi beskjed om nytt kontonummer i ein skriftleg henvendelse på www.ferde.no

Månadstak for fv. 45 Gjesdal
Køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig avtale og brikke får eit passeringstak på 15 betalalande passeringar per månad per køyretøy.


Kunngjeringar