Kunngjering om justering av bompengetakstar og innføring av betaling for nullutsleppskøyretøy frå 01.08.19

Veronica Solås Nyheiter

Den 1. august blir takstane på Vossapakko og Hardangerbrua justert, samt det blir innført betaling for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1.

Betaling for nullutsleppskøyretøy
I tråd med føringane frå Prop. 87 S (2017-2018) og lokale vedtak vert det innført bompengeavgift for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 som svarer til 50 pst. av ordinær bompengetakst etter rabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 skal inntil vidare ikkje betale bompengar.

Nullutsleppskøyretøy er ei fellesnemning på elkøyretøy og hydrogenkøyretøy. (Les meir her.)

Rabatterte takstar for nullutsleppskøyretøy krev gyldig avtale og elektronisk brikke. Utan avtale og elektronisk brikke, vil nullutsleppskøyretøy bli belasta ordinær takst på linje med andre køyretøy utan gyldig avtale og elektronisk brikke.

Passering med rabatt:
Kunder som allereie har gyldig avtale og brikke til sin elbil/hydrogenbil, treng ikkje å gjera noko i samband med endringa.



Informasjon om takstendringa i  Vossapakko

Etter endringa til nytt takst- og rabattsystem frå 1. desember 2018 har gjennomsnittleg inntekt vore over prognosen i Vossapakko. Bompengetakstane vert derfor justert.

Takstane i Vossapakko blir som følgjer frå 1. august:

Vossapakko Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Full pris Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyretøy Kr 45,00 Kr 36,00 Kr 95,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 45,00 Kr 18,00 Kr 0,00

Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Passeringstak:

Passeringstaket og timesregel for Vossapakko blir vidareført for køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.



Informasjon om takstendringa for Hardangerbrua

Etter endringa til nytt takst- og rabattsystem frå 1. desember 2018 har gjennomsnittleg inntekt vore under prognosen for køyretøy i takstgruppe 1, og over prognosen for køyretøy i takstgruppe 2 på Hardangerbrua. Bompengetakstane vert difor justert.

Takstene for Hardangerbrua vert som følgjer frå 1. august:

Hardangerbrua Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Full pris Pris med brikke og gyldig avtale 20% rabatt Full pris/Pris med brikke og gyldig avtale
Ordinære køyretøy Kr 145,00 Kr 116,00 Kr 450,00
Nullutsleppskøyretøy
(elbil og hydrogenbil)
Kr 145,00 58,00 Kr 0,00

Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

 

Passeringstak:

Passeringstaket for Hardangerbrua vert vidareført for køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.

 

Les mer:

Kunngjering Vossapakko og Hardangerbrua