Oppstart av bompengeinnkrevjing for Nordhordlandspakken frå 01.12.19

Veronica Solås Nyheiter

Den 1. desember 2019 kl. 00:00 startar innkrevjinga av bompengar i Nordhordlandspakken.

Sje kunngjering (PDF)

Det skal krevjast inn bompengar i begge retningar i følgande bomstasjonar: E39 Flatøy avkøyring mot Flatøy, E39 Flatøy påkøyring mot Bergen, E39 Flatøy Nord, E39 Mundalsberget og Fv. 57 Isdalstø.

Takstar for Nordhordlandspakken:

Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Uten avtale/Full pris Kr. 20,00
Med AutoPASS Kr. 16,00 Kr. 32,00
Nullutsleppskøyretøy m/AutoPASS Kr. 8,00 Kr. 0,00

Takstgruppe 1 er køyretøy med tillatt totalvekt til og med 3 500 kg samt personbilar i køyretøykategori M1 med gyldig AutoPASS-avtale.
Takstgruppe 2 er køyretøy med tillatt totalvekt over 3 500 kg med unnatak av personbilar i køyretøykategori M1 med gyldig AutoPASS-avtale.

 

Passering med AutoPASS:
Køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig AutoPASS-avtale og brikke får 20 % rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.
Nordhordlandspakken har ikkje eigne avtalar/brikker, og passeringar vil bli belasta avtalen der kor du har fått brikka di i frå.

Timesregel og månadstak føreset AutoPASS
Ved gyldig AutoPASS-avtale og brikke betalar ein berre for ei passering i løpet av ein time, uansett om ein passerar fleire bomstasjonar i Nordhordlandspakken. Og ein betalar maksimalt for 50 passeringar per kalendermånad per køyretøy.

Nullutsleppskjøretøy:
Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 med gyldig AutoPASS-avtale og brikke får 50 % rabatt av ordinær bompengetakst etter brikkerabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 med gyldig avtale og brikke får 100 % rabatt av ordinær bompengetakst.
Dette er i tråd med Prop. 87 S (2017-2018) og lokalpolitiske vedtak.

Fritak:
Det vert gjeve fritak ifølgje til ei kvar tid gjeldande takstretningsliner. Per i dag gjeld følgjande:

  • Passasjerar i alle typer køyretøy
  • Gåande og syklande
  • Motorsyklar og moped – denne køyretøygruppen er i utgangspunktet ikkje friteke for bompengebetaling, men av praktiske årsaker er desse køyretøyene pr. i dag friteke for bompengebetaling ved alle automatiske bomstasjonar.

Følgjande køyretøy kan etter søknad få fritak for betaling av bompengar:

  • Kollektivtransport i rute*
  • Uniformerte utrykkingskøyretøy, samt sivile utrykkingskøyretøy i tenesteoppdrag*
  • Rørslehemma i bomringar (krev gyldig parkeringsløyve for rørslehemma)*

Fritaksordningar merka med * krev gyldig avtale og bruk av brikke.