Ferde-saker må sjåast i sin samanheng

Veronica Solås Nyheiter

av Trond Juvik, administrerande direktør i Ferde AS, januar 2020

Mediesakene om Ferde den siste tida må ein sjå i samanheng med den svært spesielle situasjonen Ferde var i på slutten av 2017 og starten av 2018. Samanhengen kjem for dårleg fram av NRK sine artiklar som dermed framstår for lite nyanserte.

Bompengereform
29. september 2017 kjøpte fylkeskommunane på Vestlandet og Sørlandet opp bompengedelen av det det private føretaket BT Signaal.  Selskapet hadde utvikla infrastruktur, teknologi og kompetanse for å krevja inn bompengar på ein effektiv måte. Oppkjøpet skulle vera med på å realisere bompengereforma, der 64 bompengeselskap skulle bli til fem.

Brå overgang
At en offentleg instans kjøper opp eit privat kommersielt selskap er sjeldan og krevjande. Det finst lite erfaring på området. Derfor er det verdifullt å sjå på Ferde sine erfaringar for å forstå kva utfordringar ein slik prosess kan medføra. Over natta blir det private selskapet underlagt eit offentleg rammeverk. Dei tilsette som blir kjøpt opp står plutseleg i ei ny og uvant rolle som offentleg tilsette. Ein er ikkje lenger ansvarleg overfor private eigarar, men overfor fellesskapet og politisk leiing. Brått kjem nye krav til innsyn, rapportering, ressursbruk, prosessar og rutinar.

Eigarskap kompliserte
I Ferde blei overgangen komplisert ved at det oppkjøpte BT Signaal framleis hadde forretningsmessige avtaler med andre selskap som tilsette i Ferde hadde eigarinteresser i. Desse kontraktane var det ikkje mogleg å bli kvitt over natta. Det var heller ikke ønskjeleg, ettersom selskapa var med å sikra den operative drifta. Fylkeskommunane var derfor kjente med at tilsette i Ferde hadde eigarinteresser i selskap på utsida, og at Ferde hadde eit forretningsmessig forhold til desse.

Kongo
Det har blitt framstilt som at eg styrte et skatteinnkrevjingsprosjekt i Kongo. Dette er ikkje korrekt. Prosjektet var ein del av BTS Norway og var ikkje med på kjøpet då fylkeskommunane overtok bompengedelen av BT Signaal. Då dagleg leiar/prosjektleiar for Kongoprosjektet sa opp stillinga si kjente eg eit ansvar for å bidra til å rydda opp og avvikla prosjektet på en ordentleg måte. Oppgåva gjorde eg både utanfor og innanfor normal kontortid. Som administrerande direktør jobbar ein langt utover det som kallast normal kontortid. Tilsette i Ferde hadde høve til å gjera biarbeid for å gjennomføra overgangen frå privat til offentleg selskap.

Innkjøp konkurranseutsett
NRK har brukt mykje krefter på å grava i situasjonar som oppsto i den krevjande overgangen frå privat til offentlig selskap. Eg har tatt sjølvkritikk på at eg ikkje vurderte habiliteten min ved innkjøp at lisensar frå eit selskap eg hadde eigarinteresser i. Sjølv om kjøpet var i Ferde si interesse burde eg ha latt andre ta avgjerda. Ferde er i dag i prosess for å få på plass system og rutinar som medverkar til å sikra at alle anskaffingar blir gjort i høve til regelverket. Vi er audmjuke for at dette har tatt tid for å få på plass, og vi jobbar framleis med å sikra gode rutinar på dette. Ingen tilsette i Ferde har no biarbeid knytt til forpliktingar som følgde med då selskapet dei var tilsett i gjekk frå privat til offentleg organ.

Vellykka endringsprosess
Etter oppkjøpet jobba Ferde med organisasjonen for å endra ansvar, roller, rutinar og prosessar for å vera i samsvar med det offentlege rammeverket. Samstundes har vi sikra operativ drift, og kjøpt opp og innfusjonert 23 selskap. Omsetjinga har auka frå om lag 73 millionar kroner i 2017, til 2,4 milliardar i 2018. Sakene NRK har skrive om er relatert til ein krevjande overgangsperiode frå privat til offentleg selskap. Tilsette i Ferde jobbar lojalt og hardt for fellesskapet og den samfunnsoppgåva vi er sett til å gjera.