Innkrevjing av bompengar vert avslutta på ferjesambanda Husavik – Sandvikvåg og Krokeide – Hufthamar frå 17.11.20

Veronica Solås Nyheter

Bompengeinnkrevjinga for bompengeprosjektet Austevollsbrua som vert kravd inn på ferjesambanda Husavik – Sandvikvåg og Krokeide – Hufthamar vert avvikla den 17. november 2020.

Bompengeinnkrevjinga på ferjesambanda Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg vart vedteke i Stortinget 17.12.2004, med grunnlag i  St. prp. nr. 30 (2004-2005) Om utbygging og finansiering av rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy-Hundvåkøy) i Hordaland.

Ferde AS er gitt innkrevjingsrett til 15. juli 2021 av Vegdirektoratet. Dette samsvarar med 16 års innkrevingstid frå 2005 omtalt i St.prp. nr. 30 (2004-2005), men innkrevjinga vil no kunna avsluttast tidlegare grunna garanti frå Vestland fylkeskommune om utbetaling av ferjeavløysingmidlar til prosjektet i 2021 og i 2022.

For bompengeprosjekt som gjeld fylkesveg, vert eventuelle overskytande midlar stilt til disposisjon for fylkeskommunen som skal bruka midlane til vegformål i det området bompengane er innkrevd.

 

Info om ruter og prisar finn du på Skyss.  (Priser inkludert bompengar gjeld fram til og med 16.11.20)

Ruter og prisar