Prisjustering av takstane for nullutsleppskøyretøy i Bypakke Bergen frå 1. januar 2021

Veronica Solås Nyheter

Bergen kommune og fylkestinget i Vestland har i vedtak frå høvesvis 22. april 2020 og 12. mai 2020 slutta seg til tilbodet i byvekstavtalen frå staten og vedteke reduksjon i takstar for nullutsleppskøyretøy.

Med grunnlag i takstvedtaket i Vegdirektoratet frå 20.11.20 vert takstane for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 utanfor rushtidsperioden redusert frå 10 kr til 5 kr, og i rushtidsperioden frå 20 kr til 10 kr.

Nye takstar frå 01.01.21 inkludert tilskot:


Tabell 1: Bompengetakstar for Bypakke Bergen
Rushtid (06:30-09:00 og 14:30-16:30) gjeld ikkje i dei nye bomstasjonane som vart etablert i høve til Prop. 11 S (2017-2018) som opna i 6. april 2019.

Takstgrupper:
Takstgruppe 1: Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tillaten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Elles gjeld vilkår fastsete i takstvedtaket i sak 17/67842-19 datert 8. mars 2019, medrekna alle rabatt- og fritaksordningar inkl. fritak for hydrogendrevet køyretøy.

For meir informasjon: www.miljøløftet.no og www.ferde.no

Takstendringen kan påklagast til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering. Klage sendast Vegdirektoratet.