Ferde si personvernerklæring

Sist oppdatert 07.08.2018

Bakgrunn

Ferde har oppdatert vår behandling av personinformasjon i høve til EU si personvernforordning som vart innført sommaren 2018. Personvernforordninga er utforma for å vere eit sams rammeverk for personvernlover i EU, i tillegg tydeleggjer dei reglane om openheit rundt bedrifter si behandling av persondata. Ny norsk personvernlov vil inkorporere dei nye krava.

Føremålet med personopplysningslova er å verne mot at personvernet blir krenka.

Personvernerklæring

Denne erklæringa gjeld for Ferde AS. Føremålet med erklæringa er å formidle kvifor vi behandlar personopplysningar, kva opplysningar vi behandlar, kven som er ansvarlege for behandlinga vår, korleis vi tek vare på personvernet ditt og kva lovfesta rettar du som er registrert har når det gjeld desse personopplysningane.

I erklæringa brukast nemninga «avtalekundar» om kundar med AutoPass-avtale.

Personvernerklæringa gjeld bruk av produkta og tenestene våre, samt besøk på nettsidene våre frå og med 20.07.2018.

Kvifor behandlar Ferde personopplysningar?

Ferde AS behandlar personopplysningar for å krevje inn bompengar frå passeringar med køyretøy gjennom bomstasjonane våre. Retten til å krevje inn bompengar er heimla i §27, første ledd i Veglova. Ferde gjer innkrevjinga på vegner av Statens vegvesen som har oppdraget frå Samferdsledepartementet. I forlenginga av arbeidet med å krevje inn bompengar, behandlar vi også personopplysningar for å kunne oppfylle avtalevilkåra til kundane våre. Vi behandlar også personopplysningar samla inn gjennom nettsida vår. Dette er for å yte betre service på nett.

Behandlingsansvarleg i Ferde

Administrerande direktør i Ferde AS er ansvarleg for at verksemda si behandling av personopplysningar skjer i høve til gjeldande lover og reglar.

Kva er rettane dine som kunde?

Som registrert kunde har du rett til å få vite kva opplysningar vi har lagra om deg og du har rett til å krevje opplysningar som ikkje er riktige retta eller supplerte. Du har også rett til å be om å få personopplysningane leverte ut eller sletta. Sletting av opplysningar føreset at det ikkje kjem i konflikt med anna lovverk, til dømes lagring av rekneskapsinformasjon.

Kva slags informasjon registrerast?

For å kunne krevje inn bompengar, registrerast alle køyretøy som passerer bomstasjonane til Ferde. Køyretøy med avtale registrerast i tråd med avtalevilkåra. Køyretøy utan avtale registrerast med videobilete av registreringsnummeret til bilen.

For å kunne gje passeringa riktig pris, registrerer vi tid og stad for passering og hentar inn miljøeigenskapane til køyretøyet frå Miljøregisteret som er eigd av Statens vegvesen.

For å sende faktura, behandlar vi opplysningar om eigaren til køyretøyet. Er du avtalekunde hos Ferde AS eller avtalekunde hos eit av bompengeselskapa som Ferde har bompengeinnkrevjing for, brukar vi informasjonen du sjølv har gjeve oss. Om du ikkje har avtale, hentar vi desse opplysningane frå Motorvognregisteret som er eigd av Statens vegvesen. I begge tilfelle er dette namn, adresse og fødselsdato. Avtalekundar har i tillegg høve til å registrere epostadresse og telefonnummer.

Utanlandske køyretøy utan avtale fakturerast gjennom Euro Parking Collection (EPC) som har avtale med Statens vegvesen.

For å kunne gjere ei effektiv innkrevjing, registrerer vi innbetalingar, betalingshistorikk, fakturahistorikk, avtaleskjema og opplysningar knytte til chat, telefon- og epostkontakt til kundeservice.

Når du besøkjer www.Ferde.no registrerer vi anonym informasjon om deg og handlingane dine på nettsida. Dette gjer vi gjennom informasjonskapslar (cookies) og script. Dette kan du lese meir om under «Korleis brukar vi informasjonskapslar (cookies) og script?».  Døme på informasjon vi samlar inn, er:

  • opplysningar i samband med bruk av tenester. Dette gjeld til dømes lokaliserings- og trafikkdata ved bruk av aktivitetsloggar og grunnleggjande informasjon om kva slags eining du brukar når du besøkjer nettsidene våre. Døme på informasjon vi samlar inn, er: dato og tid, kva operativsystem og nettlesar du brukar, IP-adresser, skjermstorleik og liknande.
  • Andre opplysningar om tenestebruken, slik som data samla inn ved hjelp av informasjonskapslar (cookies) og liknande ved besøk på nettsidene våre.

Skulle nokre andre opplysningar bli samla inn, vil vi informere deg om dette og krevje samtykke frå deg. Du vil då få spesifikk informasjon om kva opplysningar vi hentar inn og kva dei eventuelt skal brukast til.

Korleis brukar vi informasjonskapslar (cookies) og skript?

Vi nyttar oss av informasjonskapslar (cookies) og liknande teknologiar (ofte kalla pikslar) på nettsida vår. Informasjonskapslane gjev oss innsikt i bruksmønstra til dei besøkande, samt kor mange besøkande som har vore innom sida.

Vi brukar informasjonskapslar til følgjande føremål:
  • Tenesteutvikling: Informasjonskapslar hjelper oss med å følgje med på bruken av dei digitale tenestene våre. Denne informasjonen brukar vi for å forbetre tenestene våre.  Vi mottek mellom anna informasjon om kva nettsider som blir besøkte mest, om brukaren kjem frå eit lenkjeklikk utanfor nettsida vår, om dei klikkar seg vidare, samt kor lenge brukarane blir verande på nettsidene våre. Den tida du brukar på sidene våre blir logga, men du er anonym for oss. Vi overvakar også kor lang tid du “scrollar”/blar ned på sida, samt kor du peikar og klikkar med musepeikaren.
  • Bruksanalyse: Vi brukar informasjonskapslar til å samle opplysningar om talet på besøkande på nettstadene våre.
Informasjonskapslar og script blir brukte gjennom følgjande tredjepartar:
  • Google Analytics
  • Hot Jar.
Korleis kan du reservere deg mot bruk av informasjonskapslar?

Du kan enkelt reservere deg mot bruk av informasjonskapslar gjennom å endre tryggleiksinnstillingane i nettlesaren din. Under finn du lenkjer til instruksjonar for dei mest brukte nettlesarane.

Blir personopplysningane leverte ut til tredjepartar?

I arbeidet med å krevje inn bompengar, oppfylle avtalevilkår og å tilby nettsider og sjølvbeteningsløysingar, brukar Ferde underleverandørar og samarbeidspartnarar. Desse vil kunne behandle personopplysningane dine på vegner av Ferde. For å sikre at personopplysningane dine ikkje brukast til andre føremål enn det som er skildra ovanfor, inngår Ferde databehandlaravtalar med alle underleverandørane og samarbeidspartnarane våre.

I nokre tilfelle er vi lovpålagde å utlevere personopplysningane dine, til dømes til politi eller skattestyresmakter.

Korleis sikrast personopplysningane?

Tilgang til personopplysningar gjevast berre til personar med arbeidsoppgåver som krev dette. Alle tilsette har signert teieplikterklæring. Alle system har tilgangskontroll med personleg ID og passord. Alle endringar og handlingar er sporbare.

Korleis arkiverast og slettast personopplysningane?

Passeringsopplysningar slettast etter faste kriterium avhengig av om passeringa er blitt betalt eller ikkje.  Passeringane overførast til Auto PASS sentralsystem og slettast etter gjeldande reglar fastsette av Statens vegvesen. Personopplysningar som er henta inn lagrast så lenge dei behandlingsansvarlege har behov for dei for å krevje inn bompengar og behandle klagar, forvalte IKT-systemet og utarbeide aggregert statistikk for bompengar (statistikk utan personopplysningar). Personopplysningar som er bokføringspliktige lagrast i høve til bokføringslova § 13.

Personopplysningar henta inn gjennom informasjonskapslar og script på heimesidene våre:

Anonymiserte opplysningar vil vere lagra i våre eller tredjepart sine system gjennom levetida på tenesta. Det vil seie at generisk informasjon om bruk av til dømes nettside og nyhendebrev blir lagra fram til nettside eller nyhendebrev blir avvikla. Dette er informasjon som ikkje kan knytast til deg som enkeltperson. Informasjonskapslar blir lagra i så lang tid som du sjølv ønskjer. Dette styrast gjennom nettlesaren din. Du kan kva tid som helst fjerne informasjonskapslar i nettlesaren din.

Innsyn, utlevering og sletting av personopplysningar

Om du ønskjer å få innsyn i dei personopplysningane Ferde har om deg, eller ønskjer å få informasjon om deg korrigert, utlevert eller sletta, ver venleg og logg inn på Mi side: https://minside.autopass.no/, eller kontakt oss via kontaktskjemaet.

Korleis få kjennskap til endringar i Personvernerklæringa vår?

Vi kan ha behov for å oppdatere Personvernerklæringa over tid. Dette gjer vi om drifta og tenestene våre utviklar seg, samstundes som at vi også må følgje reglane til datatilsynet. Vi oppmodar til jamleg å sjekke om det har kome eventuelle oppdateringar på denne sida.