Den 25. mars kl 00:00 vert det høgare takstar for elbilar i takstgruppe 1.
Takstane vert justerte med grunnlag i takstvedtak fatta av Vegdirektoratet 16.02.26.
Rushtid (06:30-09:00 og 14:30-16:30) gjeld ikkje i dei nye bomstasjonane som vart etablerte i høve til Prop. 11 S (2017-2018) som opna 6. april 2019.
Takstgruppe 1 er køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3 500 kg. Takstgruppe 2 er køyretøy med tillaten totalvekt over 3 500 kg. Personbiler med tillaten totalvekt over 3 500 kg i køyretøykategori M1 med gyldig AutoPASS-avtale og brikke får takstar som køyretøy i takstgruppe 1.
Takstendringa kan klagast på til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering. Klage kan sendast til Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep., 0033 Oslo, eller firmapost@vegvesen.no.