Gjennom handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 / Innst. 13 S (2015-2016) har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre eit nytt standardisert takst- og rabattsystem for bompengeprosjekt. Målet med omlegginga til nytt system er å effektivisere og å gjera bompengeinnkrevjinga enklare.
Endringar ved takst- og rabattsystemet i Haugalandspakken, E6 Helgeland nord og sør, og Hålogalandsbrua frå 01.04.18:
- Omlegginga vil føre til ein meir lik struktur i stadig fleire bompengeanlegg.
- Innføringa av eit standardisert rabattsystem fører til at tilleggsavtalar for å få lokal rabatt vert avvikla.
- Den generelle brikkerabatten aukast fra 0-10 til 20%. Alle køyretøy i takstgruppe 1 som passerar med gyldig brikke får 20% rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.
- Takstgruppe 1: Køyretøy med tilleten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
- Takstgruppe 2: Køyretøy med tilleten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Endringar som gjeld i Haugalandspakken frå 01.04.18
- Køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale får automatisk 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.
- Alle kundar som har hovudavtale og brikke frå Haugalandspakken vert automatisk gjort om til etterskotsavtaler med 20% rabatt. Lokale forskotsavtaler med 30%-50% rabatt vert ikkje lengre tilbydd.
- Dersom du har brikke frå eit anna selskap, og tilleggsavtalar hos Haugalandspakken for å oppnå lokal rabatt på 30%-50% rabatt, så vert denne tileggsavtala avvikla.
AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra, og passeringar frå 1. april verte trekt frå hovudavtala.
Sluttavrekning og eventuelt inneståande beløp på tilleggsavtalar vert tilbakeført i løpet av mai. - Nye takstar som gjeld frå 01.04.2018:
Takstgruppe 1 | Takstgruppe 2 | |
Fullpris | Fullpris | |
Haugalandspakken | 11,00 | 18,00 |
Endringar som gjeld i Hålogalandsbrua frå 01.04.18
- Køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale får automatisk 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.
- Alle kundar som har hovudavtale og brikke frå Hålogalandsbrua vert automatisk gjort om frå etterskotsavtale 13% til etterskotsavtale med 20% rabatt.
- Dersom du har brikke frå eit anna selskap, og tilleggsavtalar hos Hålogalandsbrua for å oppnå lokal rabatt på 13% rabatt, så vert denne tileggsavtala avvikla.
AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra, og passeringar i bomstasjonen til Hålogalandsbrua frå 1. april verte trekt frå hovudavtala til 20% rabatt. - Nye takstar som gjeld frå 01.04.2018:
Hålogalandsbrua inkl. E10 Trædal-Leirvik |
Takstgruppe 1 | Takstgruppe 2 |
Fullpris | Fullpris | |
Bomstasjon Leirvik | 42,00 | 99,00 |
Endringar som gjeld i E6 Helgeland nord og sør frå 01.04.18
- Køyretøy i takstgruppe 1 med elektronisk brikke og gyldig avtale får automatisk 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.
- Dersom du har brikke frå eit anna selskap, og tilleggsavtale hos E6 Helgeland for å oppnå lokal rabatt på 10% rabatt, så vert denne tileggsavtala avvikla.
AutoPASS-avtala med det selskap brikka er levert frå, hovudavtala, vert ikkje endra, og passeringar i E6 Helgeland nord og sør frå 1. april verte trekt frå hovudavtala til 20% rabatt. - Nye takstar som gjeld frå 01.04.2018:
E6 Helgeland Nord | Takstgruppe 1 | Takstgruppe 2 |
Bomstasjonar: | Fullpris | Fullpris |
Skamdal | Kr. 13,00 | Kr. 31,00 |
Reinforshei | Kr. 18,00 | Kr. 44,00 |
E6 Helgeland Sør | Takstgruppe 1 | Takstgruppe 2 |
Bomstasjonar: | Fullpris | Fullpris |
Fusta | Kr. 26,00 | Kr. 63,00 |
Kommunegr. Grane/Vefsn | Kr. 31,00 | Kr. 76,00 |
Svenningvatn | Kr. 31,00 | Kr. 76,00 |
Kunngjering:
Kundebrev til alle med hovud- og tilleggsavtalar, sendt ut 19.03.18: