Hopp til innholdet
Aktuelt

Kvammapakken

Reduserte takstar for bompengeprosjektet Kvammapakken frå 22. mars 2021

Bomstasjonane i Kvammapakken, Rv 7 Kjepshøgda/Steinsdalen med innkrevjing begge retningar, vil frå 22. mars få om lag halverte takstar.

Grunnen til reduksjonen i takstane er at prosjektet er tildelt 138,5 millionar kroner i statlege tilskot. Stortinget løyvde desse midlane i samband med nysalderinga av Statsbudsjettet for 2020.

Vestland fylkesting har i vedtak frå 10. mars 2021 slutta seg til framlegget om nye takstar og Vegdirektoratet godkjente dei nye takstane 15. mars.

Takstskilta ved bomstasjonane vert endra i løpet av dagen den 22. mars. Takstreduksjonen gjeld frå kl 00:00 den 22. mars.

Nye takster frå 22.03.21:

Takstgrupper:
Takstgruppe 1: Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Takstgruppe 2: Køyretøy med tillaten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Timesregel og månadstak:

Avtalefordelane med timesregel og månadstak fortset som tidlegare. Timesregelen gjelde for 1,5 time for Kvammapakken.

Nullutsleppskøyretøy:

Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 med gyldig avtale og brikke betalar 50 prosent av ordinær bompengetakst etter brikkerabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 med gyldig avtale og brikke får 100% rabatt.