Kunngjering av reduserte takstar for bompengeprosjektet Hardangerbrua frå 1. desember 2020

Veronica Solås Nyheter

I samsvar med føringane frå Prop. 1 (2019-2020) har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å løyve 1 400 millionar kroner i tilskot for reduserte bompengar utanfor byområda.
Av dette er 448,4 millionar kroner satt av til den opprinnelege tilskotsordninga. Resterande løyve i 2020, om lag 850 millionar kroner, er sett av til å redusere bompengar i fire prosjekt, ref. kapittel 1320, pst 73 i Prop.1 (2019-2020)

Prosjektet Hardangerbrua er eit av desse fire prosjekta. Prosjektet er tildelt 270 millionar kroner utbetalt i 2020 som eit statleg tilskot for å redusere takstane i bomstasjonen ved Hardangerbrua.

Dette tilskotet gir grunnlag for å kunne gjennomføra reduksjon i gjennomsnittstaksten på 20 pst innanfor rammene for takst og innkrevjingstid som er gitt i Prop. 86 S (2015-2016).

Vestland fylkesting har i vedtak 9. juni 2020 slutta seg til denne ordninga.
Som følgje av dette tilskotet kan takstane setjast ned 1. desember:

Nye takster frå 01.12.20:

Tabell 1: Ordinære bompengetakstar for Hardangerbrua med nullutsleppskøyretøy.

Takstgrupper:
Takstgruppe 1: Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tillaten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.

 Nullutsleppskøyretøy:
Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 med gyldig avtale og brikke betalar 50 prosent av ordinær bompengetakst etter brikkerabatt. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 med gyldig avtale og brikke får 100% rabatt.

 

Takstendringen kan påklagast til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering. Klage sendast Vegdirektoratet.