Hopp til innholdet
Aktuelt

Rv.7/Rv.13 Hardangerbrua

Nye takstar og rabattar frå 01.07.24

Den 01.07.24 kl 12:00 vert bompengetakstane for bomstasjonen til Hardangerbrua justert etter konsumprisindeksen (KPI).

Samstundes reduserast rabatten for nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 frå 50 til 30 prosent etter fråtrekk av brikkerabatt.

Øvrige rabatt- og fritaksordningar fortset som tidlegare.

Takstane vert justerte med grunnlag i takstvedtak fatta av Vegdirektoratet 16.05.24.

Nye takstar

Ordinære køyretøy og nullutsleppskøyretøy utan avtale

  • Takstgruppe 1 - Kr 135,00
  • Takstgruppe 2 - Kr 402,00

Ordinære køyretøy med AutoPASS-avtale

  • Takstgruppe 1 - Kr 108,00
  • Takstgruppe 2 - Kr 402,00

Nullutsleppskøyretøy med AutoPASS-avtale

  • Takstgruppe 1 - Kr 75,60
  • Takstgruppe 2 - Kr 0,00

Takstgruppe 1: Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tillaten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.


Takstendringa kan klagast på til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering.
Klage kan sendast til Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep., 0033 Oslo, eller firmapost@vegvesen.no

Takstvedtaket og kunngjøringen (PDF) er tilgjengelig på ferde.no/takstvedtak/