Hopp til innholdet
Aktuelt

Bypakke Bergen

Prisjustering av bompengetakstane frå 01.01.25

Den 1. januar vert bompengetakstane i bomstasjonane i Bergen justerte etter konsumprisindeksen (KPI). Takstane vert justerte med grunnlag i takstvedtak fatta av Vegdirektoratet 29.10.24.

Nye takster frå 01.01.25:

Full pris (utenfor rushtid/ i rushtid)

Taktstgruppe 1:

  • Diesel 36,00/68,00
  • Normal takst 30,00/62,00
  • Nullutsleppskjøretøy 13,00/23,00

Taktstgruppe 2:

  • Euro V og eldre 85,00/149,00
  • Euro VI 45,00/91,00
  • Nullutsleppskjøretøy 0,00/0,00

Pris med AutoPASS-avtale (utenfor rushtid/ i rushtid)

Takstgruppe 1:

  • Diesel 28,80/54,40
  • Normal takst 24,00/49,60
  • Nullutsleppskjøretøy 10,40/18,40

Taktstgruppe 2:

  • Euro V og eldre 85,00/149,00
  • Euro VI 45,00/91,00
  • Nullutsleppskjøretøy 0,00/0,00

Tabell 1: Bompengetakstar for Bypakke Bergen
Rushtid (06:30-09:00 og 14:30-16:30) gjeld ikkje i dei nye bomstasjonane som vart etablerte i høve til Prop. 11 S (2017-2018) som opna i 6. april 2019.

Takstgruppe 1 er køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3 500 kg. Takstgruppe 2 er køyretøy med tillaten totalvekt over 3 500 kg. Personbiler med tillaten totalvekt over 3 500 kg i køyretøykategori M1 med gyldig AutoPASS-avtale og brikke får takstar som køyretøy i takstgruppe 1.

Kjøretøy i takstgruppe 1 med AutoPASS-brikke og gyldig avtale får 20 prosent rabatt. Kjøretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt.

Elles gjeld vilkår for bompengar gitt etter gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

Takstendringa kan klagast på til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering.
Klage kan sendast til Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep., 0033 Oslo, eller firmapost@vegvesen.no.

For meir informasjon om prosjektet: www.miljøløftet.no