Den 1. oktober vert bompengetakstane i bomstasjonane i Førdepakken justerte etter konsumprisindeksen (KPI). Takstane vert justerte med grunnlag i takstvedtak fatta av Vegdirektoratet 19.08.22.
Tabell 1: Prisjusterte takstar med tilskotsordning i Førdepakken frå 01.10.22
Takstgrupper:
Takstgruppe 1: Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Takstgruppe 2: Køyretøy med tillaten totalvekt frå 3501 kg, ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale.
Elles gjeld vilkår for bompengar gitt etter gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt, medrekna alle rabatt- og fritaksordninger.
Takstendringa kan påklagast til Samferdselsdepartementet innan tre veker frå kunngjering.
Klage kan sendast til Statens vegvesen Vegdirektoratet, Postboks 8142 Dep., 0033 Oslo, eller firmapost@vegvesen.no
Takstvedtaket og kunngjøringen (pdf) kan lesast på https://ferde.no/takstvedtak