Kva er månadstaket i Ryfast?

Veronica Solås

Månadstak Ryfast:

Det er eit eige månadstak for bomstasjonen til rv.13 Ryfylketunnelen og for bomstasjonane til rv.13 Hundvågtunnelen, for kunder med gyldig AutoPASS-avtale og brikke.

  • I bomstasjonen til Rv. 13 Ryfylketunnelen vert det belasta maks 40 passeringar pr. kalendarmåned pr. køyretøy som er knytt til avtala.  Ordninga gjeld for takstgruppe 1 og 2.
  • Det er felles månadstak for bomstasjonane ved rv. 13 Hundvågtunnelen og Bymiljøpakken på Nord-Jæren. Det vert belasta maks 75 passeringar pr. kalendarmånad pr. køyretøy som er knytt til avtala.  Ordninga gjeld berre for takstgruppe 1. Takstgruppe 2 får ikkje månadstak i rv. 13 Hundvågtunnelen.

Fakturaperiode:
Ver merksam på at det ikkje alltid vert sendt ut faktura i slutten av kvar månad, slik at du kan få faktura for passeringar gjort over fleire månadar. Fakturaen kan difor innehalde meir enn 40+75 passeringar. Du må altså skilje mellom fakturaperiode og passeringsperiode. Du vil likevel ikkje verte trekt for meir enn 40 passeringar for Ryfast og 75 for Hundvågtunnelen og Bymiljøpakken passeringar innafor en måned.
Informasjon om passeringer får du om du logger deg på Min Side.

Utan avtale:
NB! Bilistar utan avtale må betale for kvar passering gjennom bomringen, og får ikkje fordelar som månadstak eller timesregel.