I kva takstklasse er kjøretøygruppe M1 ?

Veronica Solås

Køyretøygruppe M1

Køyretøygruppe M1 inkluderer bilar for persontransport med maks åtte sitjeplassar i tillegg til førarsetet. Dei fleste bubilar, campingbilar og enkelte andre større personbilar er inkludert i denne køyretøygruppa.

Ny ordning for beregning av takstar

Den 04.04.16 vart det innført ei ny ordning for alle køyretøy over 3500kg som er registrert i køyretøygruppe M1 skal betale same bompengetakst som for køyretøy under 3500kg.
Det er krav om elektronisk brikke med gyldig avtale.

For å skaffe deg brikke, skal du velje «Lett kjøretøy – under 3.500kg» når du teiknar avtale.

Norske bilar med AutoPASS-brikke

Norske biler i køyretøygruppe M1, med AutoPASS-brikke og gyldig avtale, får automatisk lettbil-takst når dei passerar gjennom bomstasjonar.

Utanlandskregistrerte bilar med AutoPASS-brikke

Trafikantar som har utanlandskregistrerte bilar over 3500 kg i kjøretøygruppe M1, og som allereie har AutoPASS-brikke med gyldig avtale, må kontakte bompengeselskapet sitt for å sikre at dei får lettbil-takst. I tillegg må dei legge fram dokumentasjon på at bilen er i køyretøygruppe M1.

Har andre typar EasyGo-brikker

Trafikantar med bilar over 3500 kg i kjøretøygruppe M1, som har andre typar EasyGobrikker enn AutoPASS, må ta kontakt med selskapet dei har fått brikka hjå for å få endra avtalen, slik at dei får lettbil-takst ved bompasseringar i Norge.
Oversikt over selskap som tilbyr EasyGo- brikker godkjent i Norge, finn du på http://easygo.com/services/service-providers